Dette innlegget er skrive av Hanne Husebø Kristensen. Ho er medlem i Fellesnemnda for Kinn kommune og gruppeleiar i bystyret for Flora Høgre.

– Korleis og kvifor dele kommunesenteret?

Viser til kollega i nemnda Jacob Nødseth sitt innlegg med samme overskrift som sto på trykk i avisa tysdag.

  1. Dei øverste politiske og administrative funksjonane skal ha kontorsted i Florø og Måløy.

  2. Det skal forholdsmessig være like mange administrative arbeidsplasser i Florø og Måløy som før.

  3. Det er viktig å bygge opp sterke fagmiljø

  4. Det er viktig med rasjonell drift, forutsigbarhet og trygghet for innbyggjarane, og for dei ansatte i kommunen

Kvifor støtta eg så ikkje mindretalet sitt framlegg i Fellesnemnda, som meir konkret ville sei noko om kva som skal ligge kor? Fordi eg meiner dette allerede er teke i vare i intensjonsavtalen, og i rådmannen sitt framlegg til vedtak i saka.

Mengden arbeidsplasser i Florø og Måløy skal ikkje rokkast ved, men korleis de skal plasserast må gjerast ved gode prosesser over litt tid. Kor er dei sterke fagmiljøa, og korleis skal ein bygge vidare på dei? Kva funksjoner krev samlokalisering, og kva kan fungere godt utan føringer for kvar ein skal ha kontorstad? Korleis legg ein best til rette for å behalde dei gode folka vi har, og få gode søkere til stillinger i den nye kommunen vår?

Dette må organisasjonen, rådmannen og dei ansatte komme fram til innanfor dei føringene som intensjonsavtalen gir. Dersom politikarane i Fellesnemnda skal trådstyre denne prosessen fra starten av meiner eg det er meir til hinder enn til gavn for dette arbeidet. Dette handler og om trygghet for dei som har arbeidsplassen sin i kommunen.

Slik eg ser det er handler både fleirtalsvedtaket og mindretalsvedtaket i Fellesnemnda om eit resultat alle er einige om at ein vil ha. Så har ein ulikt syn på korleis ein best oppnår det. Det er synd dersom dette skal få skape eit inntrykk av manglende raushet og krangel i Fellesnemnda.

Det var jo nettopp ønsket om raushet og sikra tjenester og arbeidsplasser i både Florø og Måløy som gjorde at ein endra innhaldet i intensjonsavtalen fra Kommunesenter i Florø til delt kommunesenterfunksjon.

Alle vedtak som er gjort i Fellesnemnda er gjort med  einstemmige vedtak eller vedtak med stort fleirtal. Og om ein nytter høvet intensjonsavtalen gir for eit mindretal på fleire enn 3 til å be om uttale frå dei respektive kommunestyra, slik Nødseth no har gjort,  bør det jo være fordi ein har tenkt å rette seg etter uttalen ein får. Dersom ikkje vert denne klausulen meiningslaus.

Dette innlegget stod først på trykk i Firdaposten.