Dette innlegget er delt på Facebook av Janne Brit Aasen, søster til ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad. Janne Brit Aasen er vaktsjef / produsent / journalist i NRK Møre og Romsdal og ho har gjeve Fjordenes Tidende lov til å publisere innlegget som vart først publisert i sosiale media. Ho seier også til Fjordenes Tidende at ho har klarert med sine overordna i NRK Møre og Romsdal at det er greitt at ho formidlar denne ytringa.

FINGRANE AV TASTATURET!

Eg engasjerer meg aldri i offentlege debattar. Som journalist er eg van med å sjå saker frå alle sider, og ser gjerne ting med dei kritiske journalistbrillene på. Men det eg kan, og må, er å engasjere meg i er folkeskikk. Akkurat no er eg vitne til at systra mi, Kristin Maurstad blir utsett for sjikane av verste sort. Vaksne menn og kvinner sitt heime bak tastaturet og hamrar laust. Dag etter dag. Kva rett har dei til å be ei 37 år gammal kvinne med mann og to barn på 10 og 12 år om å ryke til helvete og det som verre er?

Kva er det med folk som under fullt namn sprer rundt seg med injurerande og løgnaktige påstandar på facebook? Facebook er ikkje fritatt frå normal folkeskikk og norsk lov. Systra mi er ikkje redd for å meine noko. Ho er ordførar. Ho gjer jobben sin. Ho føl vedtak gjort på demokratisk vis i eit kommunestyre som er valt av folket. At det er kontroversielle vedtak, JA, men likefult demokratisk fatta. Det viser null klasse å sitte i nattens mulm og mørke å skrive all verdens drit med personkarakteristikkar, prøve å dra i gang rykter og spre løgn. Det fritek ingen frå å oppføre seg som folk om ein ikkje er enig i noko.

Eg tek ikkje stilling til politikken ho står for. Vi kjem frå ei stor familie der det er like mange meiningar som personar, men det er heilt vanleg å skilje mellom politikk og person. Og slik må det vere på facebook også.

Og til dei som ikkje helser på butikken, slettar ho som venn og brukar ledige stunder på å snakke nedsetjande der fleire høyrer på: håper de har vett nok til å ikkje vise det til ungane. Vi vaksne er forbilde. Vi har ein oppdragarfunksjon. Vi tolererer ikkje mobbing, vi skal lære vekk nettvett og vi skal lære dei å vere inkluderande.

Kristin er ikkje berre politikar, ho er mamma, ho er sambygding og ho er ven. Systra mi er tøff, ho har tatt sine valg, men ho er laga av kjøtt og blod. Ho har ei familie, ho har ungar som ikkje har gjort noko gale, og som veks opp i ei lita bygd. Dei er glade i mor si, og det er ikkje så kjekt å lure på om mor skal sendast til helvete.

Lik og del gjerne dette folkens, så kan vi håpe på at dei som bør lese dette, les det. Og forstår det.