Redaktør Erling Wåge har denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Denne veka har fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane bestemt kva nye vegprosjekt som skal prioriterast dei neste åra. Politikarane var samde om dei aller fleste store prosjekta. Blant det som vart diskusjonstemaet blant fylkespolitikarane var ikkje uventa Kystvegen. Striden står om ferje kan vere ei mellombels løysing medan ein ventar på bru over Nordfjorden i ytre og kvar traseen sør for Ytrehus i Bremanger skal gå.

Det enda med at fleirtalet gjekk for bru mellom Tongane i Bremanger og Biskjelneset i Vågsøy. Fleirtalet i Fylkestinget støttar dermed Statens vegvesen som vil ha bru i ytre Nordfjord og ikkje ei mellombels løysing med ferje. Vegbygging på kysten har vore nedprioritert etter at Bremangersambandet2 var ferdig. I ytre Nordfjord er det mange som jublar over dette vedtaket som betyr at 45-minuttsregionen, der Vågsøy, Bremanger og Flora/Førde blir knytt tettare saman, kan bli realisert. Det betyr at avstandane blir mindre og det opnar seg nye moglegheiter for å pendle.

Det andre stridstemaet er kvar vegen sør for Ytrehus i Bremanger skal gå. Skal den gå i indre over Grov slik Statens vegvesen og Bremanger kommune vil eller i ytre over Terøy, slik Flora og fleirtalet i Vågsøy vil. Sentralsjukehuset i Førde har fått ei mykje viktigare rolle for alle i fylket. Difor er det viktig at vegen dit blir så kort som mogleg, og difor bør den over Grov. Då vil folk i Selje, Vågsøy og Bremanger få kortare veg til Førde og sjukehuset og kortare veg til Flora enn i dag. Kystvegen bør ikkje berre vere ein lokal veg mellom Vågsøy og Flora, men ein veg som også kan opne for større moglegheiter. No er det viktig å kjempe for at det kan bli ein anstendig vegstandard der både folk og næringslivet kan kome seg trygt og raskt fram og tilbake også på kysten. Ja, det er kysten sin tur.