Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 15. desember:

Det skjer kvar vinter. Det korkar seg på den smale og svingete fylkesveg 616 mellom Kalvåg og Oldeide. Måndag, då den første snøen kom fekk fleire vogntog problem både nord og sør for Oldeide-tunnelen. Det skapte problem for trafikken. Og tysdag var vegen mellom Hauge og Oldeide stengt ved Dalevatnet etter at to vogntog køyrde seg fast. Dermed var det full stans i all trafikken i mange timar.

Etter at ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes vart lagt ned i 2013 har trafikken på den smale og svingete vegen mellom Oldeide og Kalvåg auka kraftig. Det har vore jobba med å skaffe pengar til å få utbetra delar av den. Men endå har det ikkje skjedd stort. Det er ikkje snakk om å bygge gul stripe og tofelts veg, men rett og slett å få flikka på dei verste flaskehalsane på strekninga. All trafikk vert fullstendig lamma når slike episodar skjer. Det skjer heile året, men spesielt når det er vinter og snø. Det er stor trafikk og spesielt mykje tungtrafikk. Siste åra har det blitt stadig fleire utanlandske vogntog med sjåførar som ikkje er lokalkjende eller vane med slike smale vegar som ein køyrer her.

Når det ikkje finst alternativ omkøyring så blir både næringstrafikk og persontrafikk fullstendig lamma når bilar kolliderer eller hamna i grøfta og vegen blir stengd. Det kostar næringslivet og samfunnet tid og pengar. Næringslivsmannen Svein Inge Fosse i Kalvåg og fleire med han har i mange år jobba for å fjerna dei verste flaskehalsane. Kravet om betre veg er i aller høgste grad relevant. Vi forstår godt dei som er frustrerte over at det ikkje har blitt utbetringar. Vi forstår også dei som køyrer på denne smale og svingete vegen med hjartet i halsen heile året. Det er absolutt behov for at det blir gjort noko med denne trafikkerte vegen raskt.