Dette innlegget frå Raudt Vågsøy stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 15. desember:

Ikkje skit i eige reir

Nei til etablering av opne lakseoppdrett ved Silda og Vågsfjorden.

Blom Fiskeoppdrett AS søkte Sogn og Fjordane Fylkeskommune om å etablere eit oppdrettsanlegg for laks på austsida av Silda, med maksimal tillaten biomasse (MTB) og utsleppsløyve på 5460 tonn. Søkjer hevda det vil bli minimum med støy, lukt og ureining i sjøen, då det vil bli brukt aggregat, nye produksjonsmetodar skal nyttast og lokaliteten ligg i eit område med gode straumforhold. Dei vil i tillegg søkje om ein lokalitet i Vågsfjorden, som skal ut på høyring framover.

Raudt Vågsøy meiner oppdrettsnæringa er viktig for busetnad, arbeidsplassar og verdiskaping langs kysten. Men oppdrett i opne merdar har passert tolegrensa i naturen og næringa trengjer vekk tradisjonelt kystfiske, ureinar med kloakk (feces frå fisk), kjemikaliar, lus og sjukdom.

Anlegget ved Silda var planlagt plassert i nærleik til fiskeplassar for reke og sjøkreps, og kan gi svært negativ påverknad på desse botnartane. I straumretning mot nord er det viktige gytefelt for lysing. Selje kommune startar i desse dagar arbeid for å etablere ein miljøverneplan i sjø langs Stadlandet. Det blir hevda at eit anlegg på ein slik dimensjon vil forureine med kloakk tilsvarande utslepp frå ein middels norsk by. Det har i den seinare tid blitt sett søkelys på mikroplast frå oppdrettsnæringa. Fôring skjer med forpellets gjennom lange plastleidninger. Forpellets blir skote ut med stor hastigheit og riv med seg plastpartiklar frå røra. Denne mikroplasten hamnar i merdane saman med foret og vert spreidd vidare i naturen og i næringskjeda. Argument om gode straumforhold er meir å flytte ureining frå oppdrettsanlegget til der havstraumar, tek det med.

Raudt Vågsøy meiner at nye konsesjonar for laks berre skal skje i lukka anlegg og fortrinnsvis flyttast til landbasert oppdrett for å kunne samle opp all ureining. Nordfjord Havn har eit stort industriområde i Barstadvika som kan nyttast til landbasert oppdrett. Blom Fiskeoppdrett AS er eigd 30 prosent av Coast som er heimehøyrande i Vågsøy kommune. Både Blom Fiskeoppdrett AS og Coast AS er solide selskap med ei samla omsetning på 4,5 milliardar og ei inntening sist år på over 170 millionar kroner. Seriøse framtidsretta selskap bør gå i spissen for å flytte næringa på land, redusere utslepp og gjere oppdrettsnæringa berekraftig.