Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 2. januar:

Ein av personane i vårt distrikt som imponerte oss mest i året som ligg bak oss er den unge jenta som arrangerte støttekonsert for ein venn som har fått ein svært alvorleg sjukdom som. I mai i fjor arrangerte Linea Marie Midtbø Helgestad frå Raudeberg ein stor konsert i Samfunnshallen for Svein Ove Falkevik som fekk den alvorlege diagnosen ALS for nokre år sidan. Linea, som berre var 12 år i fjor, var blitt så glad i denne mannen som jobba på leikebutikk fram til han fekk denne alvorlege sjukdommen. Ho synest så synd på han som var blitt pleietrengande. Sjølv om den unge jenta fekk hjelp av dyktige foreldre og mange andre som stilte opp for henne, så var det hennar ide. Den fantastiske konserten vart arrangert slik ho og den musikkglade kameraten Svein ville ha den. Og dette vart stort for både Linea, Svein og mange som står rundt dei.

Linea bidrog til å samle inn over ein halv million kroner til forsking på denne sjukdommen som det ikkje har vore forska så mykje på. Og kanskje like viktig: ho fekk sett fokus på og skapt merksemd rundt ein sjukdom som ikkje så veldig mange kjenner til. Den unge jenta rørte mange med sitt engasjement. Ho nådde ut i riksmedia for dette veldig spesielle initiativet, og ikkje minst så synte ho korleis det er å vere eit godt medmenneske som kan bry seg om personar som har fått ein så alvorleg sjukdom.

Når vi no er i gang med eit nytt år så tek vi gjerne med oss verdiane som denne unge jenta står for. Vi treng ikkje lage store konsertar, men berre bry oss om kvarandre, og av og til strekke ut ei hjelpande hand til nokon som treng det. Vi håpar det nye året blir godt, spennande og utviklande for alle. Håpar vi alle kan vere gode med kvarandre, stille opp for kvarandre og heie på alle som lukkast. Godt nyttår.