Dette innlegget er skrive Jostein Eimhjellen, Kinn-motstandar.

Kinn-fakta og økonomiske realitetar. Del 1

Innbyggjarane i Vågsøy har spurt etter fakta om Kinn. Nedanfor er ein del dramatiske faktainformasjon når det gjeld Kinn og økonomi. Ber om at ja-politikarane i Vågsøy konkret viser til kva som eventuelt måtte være feil i oppstillingane og konklusjonane  nedanfor.

Kjem det ingen tilbakemelding, så må alle kunne legge til grunn, at alt nedanfor er fakta.

Effekt ved sammenslåing/fusjon Flora-Vågsøy

Dagens økonomiske situasjon i kvar kommune, vurdert mot kvarandre:

1. Lånegjeld:

Lånegjeld i dag pr. innbygger:

Vågsøy: 92.191 kroner

Flora: 116.667 kroner

Differanse: 24.476 kroner

Lånegjeld i dag:

Vågsøy: 553 millioner kroner

Flora: 1400 millioner kroner

Differanse: 847 millioner kroner

Nye låneopptak/investeringsplan:

Vågsøy: 189 millioner kroner

Flora: 744 millioner kroner

Differanse: 555 millioner kroner

Lånegjeld totalt m/investeringsplan:

Vågsøy: 782 millioner kroner

Flora: 2144 millioner kroner

Differanse: 1362 millioner kroner

Lånegjeld totalt m/investeringsplan per innbygger:

Vågsøy: 130.333 kroner

Flora: 178.667 kroner

Differanse: 48.334 kroner

2. Administrasjonskostnader

Dagens adminstrasjonskostnader:

Vågsøy: 26,2 millioner kroner

Flora: 55,4 millioner kroner

Differanse: 29,2 millioner kroner

Administrasjonskostander per innbygger:

Vågsøy: 4352 kroner

Flora: 4617 kroner

Differanse: 265 kroner

3 Økt demografi-kostnad 2018-40:

Vågsøy: 58 millioner kroner

Flora: 192 millioner kroner

Differanse: 134 millioner kroner

4 Eiendomsskatt/differanse forskjell

Vågsøy: 0

Flora: 8 millioner kroner per år

Differanse: 8 millioner kroner per år

NB: For dagens lånegjeld Flora brukast her 1,4 milliard 2016-tal som prosjektrådmann Terje Heggheim har opplyst.

Kjelde for planar for nye låneopptak i neste firårsperiode er økonomiplan frå desember 2017.

I beregning av kostnad per innbyggjar, har ein teke utgangspunkt i at Vågsøy har 6000 innbyggjarar, som var reelt på vedtakstidspunkt.

5. For hamneselskap sit Vågsøy som aksjonær i Nordfjord Havn A/S på betydeleg større verdiar og inntekter samanlikna med Flora sitt KS for hamneaktivitet i Flora

6. Mykje tyder på at det blir auka arbeidsgiveravgift for bedrifter i Vågsøy og for gamle Vågsøy kommune,  Kostnad for kommunedelen utgjer ein auke på 9,8 mill. kr per år for Kinn.

7. Demokratiet. Flora har 12.000 menneske. Vågsøy – Bryggja blir 6000/5500 menneske. Flora vil dermed ha politisk stort fleirtal i alle saker.

8. Flora blir det reelle kommunesenteret og namnet på kommunen er Kinn som ligg i Flora.

9. Kommunestyra i Flora og Vågsøy har ulike oppfatningar om definisjonen på delt kommunesenter. Viser til avstemning i kommunestyra desember 2017. I Flora var 21 av 31 representantar ikkje einige med Vågsøy KS si samrøystes vurdering i same sak. Etter vedtak i fellesnemda skal det no likevel bli ei etatsfordeling mellom Flora –Vågsøy. Her er ingenting konkretisert endå.

10. Alle vedtak og avtaler som no blir gjort, kan endrast av eit nytt kommunestyre i 2021/22.

11. I intensjonsavtalen er det vedteke at ved kutt i stillinger, skal dette skje forholdsmessig likt i Flora og Vågsøy. Utfordringen med dette punktet i avtalen er at ein ser at Flora i dag har ein stor administrasjon med effektiviseringspotensial , mens Vågsøy truleg har behov for ein litt større administrasjon, og er sårbar med små avdelinger ( sjå adm kostnader)

Konkusjon: Alle moment ovanfor går ikkje i Vågsøy kommune og innbyggjarane sin favør med denne Kinn-fusjonen. Ingen av desse tema var ein del av rådmannen i Vågsøy si saksutgreiing før vedtak.

Når det gjeld Kinn samla med tilskot på 195 mill. kr. fram til 2034 , så er ikkje dette så fantastisk som det har vore hevda. Dette kjem i neste faktainnlegg (del 2).