Lesarinnlegg:

Di meining tel også

Svein-Rune Krakereid påpeikar at folk må engasjere seg politisk for å påverke. Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Svein-Rune Krakereid frå Selje og stod på trykk i Fjordenes Tidende 6. februar.

Di meining tel også

Mykje har den siste tida vore skrive om samanslåinga mellom Vågsøy og Flora. Ikkje minst «folkeoppropet» har engasjert. Innsatsen har tvinga fram endring, men det er framleis svært usikkert kva dette medfører. Eg tek ikkje stilling til Kinn kommune, men nokon må stille spørsmålet om ikkje dette burde vore handsama på ein betre måte.

Nokre av dei som har signert det omtala oppropet er nok allereie politisk engasjerte, men truleg ikkje alle. Om 1.500 personar hadde vore medlemmar i dei politiske grupperingane i Vågsøy, fordelte etter prosentvis oppslutning, så er det mogleg at heile kontroverset kunne vore unngått.

Det er medlemsmassen i det enkelte parti som kan påvirke kva partiet skal meine og arbeide for. Representantane er rett nok valde i form av person og ikkje parti, men dei fleste vil nok fylgje majoriteten i gruppa dei tilhøyrer si meining. Medlemmane har all anledning til å velge både sitt styre, sine representantar, sitt valgprogram og si valgliste, samt påverke gruppa sitt syn i dei fleste spørsmål. Det ser ut til at mange ikkje har teke innover seg desse enkle prinsippa, men er svært raske til å kritisere enkeltpersonar som gjer sin del av oppgåvene.

Det er dermed eit faktum at trass i eit stort engasjement, så er behovet for slike aksjonar forårsaka av innbyggjarane sin generelle «tornerosesøvn» i samfunnsaktuelle spørsmål.

Det bør være velkjent at argument må målbærast før vedtak er gjorde, og det er sløvt å setje sin lit til at andre vil gjere det for deg. Demokratisk styring er ikkje definert som at «alle skal høyrast», det er definert (i store norske leksikon) som at «innbyggjarane deltar aktivt i viktige politiske beslutningsprosessar, og har rett til å delta». Dei som ikkje nyttar denne retten lyt forholde seg til andre sine konklusjonar. Om det omtala initiativet medfører at prosessen blir sett på vent eller reversert, er det svært uvanleg og oppsiktsvekkjande.

Då må ein spørje om det å setje sin lit til slike metoder er ein god strategi for framtida? Svaret er sjølvsagt «nei». Varig påverknad kan kun oppnås gjennom deltaking i arbeidet som foregår i dei politiske partia. Ein biverknad av å delta vil også være at ein blir inkludert i den informasjonsflyten som blir politiske aktørar til del.

Eg vil gjerne ta for meg nokre vanlege orsakingar for å unngå deltaking, og imøtegå dei:

1. «Eg har ikkje vit på politikk».

Sosiale media viser at det kan være ein del sanning i ein slik uttale. Spørsmålet blir då om nokon forventar å oppnå den manglande kunnskapen dei siktar til, utan sjølve å ta initiativ til å lære? Det vil ikkje skje. Innsikt kjem med deltaking.

2. «Eg er ikkje einig med nokon parti i alle synspunkta». Uttalen tyder på at ein fyrst vil vente til andre (ved tankelesing?) har fått greie på kva subjektet meinar, og at dei deretter får «skreddarsydd» ein politikk som passar. Alle forstår at logikken i dette bristar.  Du må fyrst melde deg inn, deretter bruke dine synspunkt til å forme gruppa sine meiningar. Om du ikkje likar å snakke i ei forsamling, er der truleg andre som har mykje av dei same holdningane som kan tale for deg. Men di stemme tel likevel for at meiningane du støttar blir gruppa sitt kollektive synspunkt. Om ditt syn likevel ikkje vinn fram, har du ikkje tapt noko på å prøve.

3. «Eg vil ikkje stå på liste». Her er det faktisk slik at ingen sakleg sett har større «risiko» for å bli sett på valglister mot sin vilje, enn dei som står utanfor politiske grupperingar. Valglova § 3-3 er er klar på at  «pliktig til å ta imot valg er alle som har stemmerett ved valget og som står innført i folkeregisteret som bosatt i en av kommunene i fylket på valgdagen, og som ikke er utelukket eller fritatt». Medlemskap i anna parti er ein av få gyldige grunnar til fritak. No er det rett nok, og av naturlege grunnar, ikkje vanleg å føre opp motvillige kandidatar på valglister, men det gjeld like mykje innafor eit parti som utanfor.

4. «Eg ynskjer ikkje offentleg å tilkjennegi mine politiske preferanser». Svaret på dette er at medlemslister er unnateke offentlegheit. Det er kun enkelte utvalgte innad i partiet som har tilgang til desse, og du vel sjølv kvar og når du vil møte.

5. «Eg har ikkje tid». Neivel. Men då prioriterar du vekk din rett til medverknad. Då kan du heller ikkje kreve sympati om dine meiningar ikkje blir vektlagde.

Oppmodinga er klar: Meld deg «på» og delta i dei etablerte organisasjonane med synspunkta dine. Det er slik du kan påvirke ditt samfunn og di eiga framtid.