Lesarinnlegg:

Folkerøysting i Vågsøy – eit slag i lufta

Jacob Nødseth (Samlingslista i Flora) (i midten) saman med Vågsøy-politikarane Nils Myklebust (Sp) (t.v.) og Rolf Domstein (H) som begge sa ja til ei folkerøysting om Kinn i Vågsøy. Foto: Sindre Blålid Kvalheim 

Meninger

Jacob Nødseth fra Samlingslista i Flora sit i fellesnemnda for Kinn kommune. Han har skrive dette lesarinnlegget:

Folkerøysting i Vågsøy – eit slag i lufta

«Korleis kan du vere kritisk til at det skal vere folkerøysting i Vågsøy no, når det var du som tvang gjennom folkerøysting i Flora i 2016?» Dette spørsmålet har eg fått frå fleire i det siste. I 2016 var Flora nær ved å bli ein del av stor-Førde. Sjølv meinte eg det var ei særs lite heldig løysing for Flora, og brukte mykje tid på å stoppe samanslåinga som mine kollegaer i H, Ap og V,  altså eit stort fleirtal i bystyret, ivra for.

Samlingslista gjekk i 2015 til val på å ikkje bli ein del av stor-Førde og heller skape ein kystkommune eller stå aleine. Det mest effektive enkelttiltaket for å torpedere den feilslåtte og grandiose tanken om Flora inn i stor-Førde var å tvinge fram ei folkerøysting. Motvillig vart det i bystyret fleirtal for å halde ei folkerøysting, og dei nemnte partia sa dei ville respektere utfallet. Då over 70 prosent sa nei, eit ikkje uventa resultat, var samanslåinga steindaud. Heldigvis. Samlingslista lukkast med vår langsiktige strategi, der rettidig bruk av folkerøysting som virkemiddel førte til at bystyret sa nei tidsnok til at samanslåinga kunne stoppast.

Sidan har Flora og Vågsøy forhandla fram Kinn kommune. Samlingslista har vore ein pådrivar og aktiv bidragsytar heile vegen. Stortinget fatta i 2017 vedtak om å slå saman kommunane til nye Kinn. Det var ei frivillig samanslåing, både kommunestyret i Vågsøy og bystyret i Flora ville ha Kinn. Bak vedtaket i Stortinget står Ap, Venstre og Frp. Høgre har vore positive til kommunedanninga, men ville etter det fleire av oss erfarer vente litt for å igjen prøve å få Bremanger med. Det er med andre ord stort fleirtal for Kinn i Stortinget, og som kjent endra ikkje stortingsvalet i fjor haust dette. Kinn er komen for å bli. Å ville ha ei folkerøysting no, når alle nødvendige vedtak er fatta etter omfattande prosessar, er beint fram meiningslaust. Nokre påstår det vil skape ro. Det kan eg stadfeste at ikkje er tilfellet.

Ei folkerøysting er meint å piske opp motstand mot endring. Det er det motsette av ro, og det gjer fellesnemnda sitt arbeid med å skape ein framtidsretta og effektiv kommune svært vanskeleg. Vi treng å ha innbyggjarane med, både dei som er frelst, dei som tvilar og dei som er militant mot. Der meiningar og perspektiv brytast mot kvarandre skapar ein dei beste vedtaka. At det konstruerast ei kunstig uvisse knytt til om det i det heile blir ein ny kommune, det er derimot svært kontraproduktivt.

Før eit fleirtal i kommunestyret i Vågsøy vedtok å halde folkerøysting avklarte både Ap og Frp sine talspersonar i kommunalkomiteen på Stortinget at uansett utfall i ei folkerøysting og eit eventuelt påfølgjande reverseringsvedtak i Vågsøy kommunestyre, vil Kinn ikkje bli stansa. Høgre i Stortinget var ikkje ute med ei likelydande avklaring før etter vedtaket i kommunestyret. Innhaldet i avklaringa er likevel på ingen måte uventa. Om folkerøystinga blir halden, blir ho ikkje anna enn ei markering. Kinn derimot blir ein realitet.

Det er lett å forstå at det for Stortinget sin del må vere slik. Kommunar i heile kongeriket blir slått saman, og så må dei seinare utmeisle detaljane sjølve, under føresetnad om at den nye kommunen kjem innan ei viss tid. Dette arbeidet er krevjande og ofte konfliktfullt. Korleis blir prosessane dersom staten opnar for at ein kommune som ønska samanslåing seinare kan reversere denne, og slik bruke folkerøysting som pressmiddel i forhandlingane i alle landets fellesnemnder? Stortinget kan sjølvsagt ikkje opne for dette, fordi det ville utfordra heile reforma. Ein kan meine kva ein vil om at det er slik, men det endrar ikkje det faktum at slik er det. Det er politikkens openberre system.

Det andre som spring ein i auga er det faktum at ei innbyggjarundersøking gjennomført før kommunestyret i Vågsøy sa ja til Kinn hadde eit klårt nei-fleirtal. Både kommunestyret og Stortinget visste altså at eit fleirtal i folket i Vågsøy er mot, då dei begge likevel sa ja. Ingenting er altså nytt under sola. Eg legg vidare til grunn at det framleis er eit utvetydig fleirtal mot Kinn i Vågsøy og at ei folkerøysting ville fått dette klårt fram. Denne motstanden er noko som er vurdert allereie av både kommunestyret og Stortinget, og som ikkje har blitt tillagt avgjerande vekt. Dette kan ein hisse seg opp over og gå i fakkeltog mot, men det endrar ikkje dei politiske vurderingane som er gjort.

Sjølvsagt kan einkvar meine kva ein vil om Kinn, og om prosessen. Vi treng ein open debatt om dette, men spørsmålet er kor lenge det er hensiktsmessig å berre følgje dette sporet? For meg må ei grunnleggande erkjenning vere førande for debatten: Dei som er for vil det beste for sitt lokalsamfunn, og det vil også dei som er mot. Når det no er slått fast at det er heva over all tvil at det blir ei kommunesamanslåing er det einaste ansvarlege at Vågsøy kommunestyre gjer om på vedtaket om å halde folkerøysting. Fellesnemnda treng at alle, både kritikarar og dei heilfrelste, arbeider fram ein god kommune. Då må vi legge bak oss retorikken som går på «om» det blir Kinn, og heller jobbe med det som er viktig, nemleg «korleis» Kinn skal bli. Eg opplever at det er mykje godt samarbeid i fellesnemnda. La oss bygge vidare på dette.

«Korleis kan du vere kritisk til at det skal vere folkerøysting i Vågsøy no, når det var du som tvang gjennom folkerøysting i Flora i 2016?» Det lange svaret har du akkurat lese. Det korte er dette: Dei som vil ha folkerøysting i Vågsøy har eit heilt legitimt og forstandig krav, men no er det for seint. Ei folkerøysting blir rett og slett eit slag i lufta.