Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen.

Kinn-fakta og økonomiske realitetar. Del 2

Endringar i inntektssystem/tilskot for Kinn, vurdert mot at kommunane var kvar for seg.

Prosjektrådmann for Kinn, Terje Heggheim, har korrekt hevda at Kinn får 195 millionar kroner i ulike tilskot fram til 2034. Eg har delt dette meir opp, så ein ser kva som er eingongstilskot som i stor grad går med til å bygge kommunen, og kva som er årlege ekstra tilskot. Har vist reduksjonen i tilskot som kjem frå 2034–40 og fått fram korleis auka arbeidsgivaravgift vil påverke Kinn-økonomien negativt.

Informasjonen kjem frå Telemarksrapporten.

Om politikarar i Vågsøy ikkje har innvendingar på presentasjonen under, så må dette tolkast som fakta.

A: Engangstilskot og samla tilskot til Kinn fram til 2020

1. Eingongsstøtte til å arbeide med kommunesamanslåing: 20,5 mill. kr

2. Eingongsstøtte for å lette overgangen til ny kommune: 20,5 mill. kr

3. Overgangsordning 2017-2019: NOK 7,6 millionar årleg i 3 år: 22,8 mill. kr

4. Eingongstilskot til infrastrukturtiltak: 4,0 mill. kr

5. Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen: 0,7 mill. kr

6. Regionsentertilskot 2,1 mill. kr i 2017 og 4,4 mill. i 2018 og 2019: 10,9 mill. kr

Totalt får Kinn før 2020 ulike tilskot som samla blir 79,4 millionar kroner.

NB! Største delen av tilskota går med til å bygge den nye kommunen

Tilskot til infrastrukturtiltak på 4,0 mill. kr er tenkt som eit bidrag til båtruter

B: Årleg meirtilskot til Kinn frå 2020 til 2040:

1. Frå 2020 til 2034 får ein ei årleg støtte på 3,3 mill. kr

2. Regionsentertilskot årleg 4,4 mill. kr.

Totalt årleg meirtilskot (2020 til 2034): 7,7 mill. kr.

Samla utgjer tilskota over 195 mill. kr som Heggheim har hevda.

Årlege meirinntekter ved samanslåing viser å gi 7,7 mill. kr (2020-2034).

Så er det ein del faktorar som kan endre dette til mindre gunstig:

1. Går Vågsøy opp i sone for arbeidsgivaravgift som konsekvens av samanslåing med Flora, får Kinn 9,8 mill. kr i meirkostnad. Denne faktoren aleine gjer samanslåinga ugunstig økonomisk sett. (+7,7 mill. – 9,8 mil = – 2 mill. kr)

2. Nytt stortingsvedtak hindrar regjeringa i å bruke inntektssystemet som press for å oppnå samanslåingar. Dette kan få betydning for dei økonomiske rammevilkåra i oppstillinga ovanfor.

Reformtilskotsperioden er 15 + 5 år. Eit eige inndelingstilskot på 17,1 mill. kr ligg inne som ein del av inntektssystemet frå 2020 -2034. I dei siste fem åra av reformperioden (frå 2035-40) blir dette tilskotet andelsvis redusert til 0. Dermed vil ein etter 20 år få ein inntektsreduksjon på 17,1 mill. kr.

Slik oppstillinga ovanfor viser, vil ein da gå frå +7,7 mill. – 17,1 mill. kr = – 9,4 mill. kr

Denne inntektsreduksjonen er tenkt fordi ein legg til grunn at ein samanslått kommune vil få ein effektiviseringsgevinst. Dermed er det ikkje tilfeldig kva kommunar det er fornuftig å slå seg saman med. (Dei fleste interkommunale samarbeid har Vågsøy i dag mot Stad).

Vågsøy må sjå på inntektssida til Kinn i samband med fusjonsfaktorane som viser ei stor skeivbalanse mot Flora, samt sjå på utfordringa med effektivisering og eventuelle negative konsekvensar av dette.

Kvar er fordelane? Og korleis kan dette vegast opp mot dei negative faktorane som er dokumentert?

Faktakonklusjon:

1. Ser ein på summen av fusjonsfakturaer som var presentert i tidlegare innlegg, kjem Vågsøy tapande økonomisk ut ved å slå seg saman med Flora. Det er berre Flora som kjem betre ifrå dette, sidan dei får fleire å dele utgifter og gjeld med.

2. Går Vågsøy opp i arbeidsgivaravgift vil Kinn få reduserte årlege tilskot frå 2020 og framover, enn om kommunane var kvar for seg.

3. Det var frå rådmann Heggheim vist til ei tenkt effektivisering på 3,2 mill. kr årleg. Dette talet er henta frå Telemarksforsking sitt eksempel. Nokon lokal utrekning på dette finst ikkje i dag. Her er også ei ukjent kostnadsside med delt kommunesenter og kommunikasjonsløysingar mm.

Problemstillingane som dette faktainnlegget viser til kom ikkje fram i Vågsøyrådmannen si saksutgreiing før Kinn-vedtaket.