Lesarinnlegg:

Uproblematisk for kven, ordførar?

Dette innlegget er skrive av Jeanette Kristiansen Grotle frå Bremanger. Foto: Kjell Aga Ulvestad 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Jeanette Kristiansen Grotle frå Bremanger.

Uproblematisk for kven, ordførar?

I debatten om flytting av helsestasjonen i Bremanger frå Hauge til Svelgen, konstatera ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys, i eit intervju med Fjordenes tidende at reiseveg til Svelgen er uproblematisk. For kven då, lurer eg på. For deg sjølv, ordførar? Eller for den nybakte mora som nett hadde fått sin fyrste son, og som måtte vege han ved helsestasjonen kvar dag ein periode fordi ho kanskje ikkje hadde nok mat til han? Eg spurte ho, ho synest ikkje det er uproblematisk - ho synest det er problematisk.

Eller er det for den nybakte tvillingmora som var avhengig av tett oppfylging frå helsestasjonen m.a. på grunn av lav fødselsvekt hos borna? Og som var avhengig av hyppige heimebesøk av helsesøster for kontinuerleg veging og oppfylging. Og som på grunn av at ho hadde helsestasjon nær og tilgjengeleg kunne få god nok oppfylging, slik at ho klarte å amme to spedbarn i den utfordrande situasjonen ein faktisk er i når ein har fått to små babyar på ein gong. Eg spurte ho, ho synest heller ikkje det er uproblematisk - ho synest det er så problematisk at ho ikkje hadde klart å utføre rolla si på same måte hadde ho måtte frakte med seg to babyar til Svelgen for å få denne hjelpa.

Eller var det ho som fekk ein nyfødd baby som var plaga med refluks, som gret store delar av døgnet, som ved eit høve vart hasteinnlagt og som ho var livredd for. Eg spurte ho, ho synes ikkje det er uproblematisk - ho hadde bukka under hadde ho ikkje i det daglige hatt hjelpa nær og tilgjengeleg, sa ho.

Eller var det kanskje den ungdomen som treng helsesøstera som samtalepartnar i ei utfordrande tid? Eg spurte ho òg eg, nei det var ikkje ho heller. Hadde helsesøstera vore i Svelgen hadde ho ikkje kome seg dit, så ho synest ikkje det er uproblematisk - ho synest det er problematisk. Greitt nok helsesøstera sikkert kjem til skulen ho går på med jamne mellomrom, men det er kanskje ikkje akkurat dei timane ho er der at denne ungdomen har behov for å snakke med ho. Helsestasjonen er eit lavterskeltilbod nemleg, derfor kan ungdomen oppsøke helsesøstera og spør om ho har tid når ho føler det er nødvendig og behovet er der. Slik fungera det å ha helsestasjonen tilgjengeleg. Så nei, eg trur ikkje det er så uproblematisk med den reisevegen for dei som faktisk skal nytte seg av tilbodet ved helsestasjonen, og det er  det ikkje du som skal ordførar. Så ikkje kom og fortel på våre vegne at vi synest det er uproblematisk å køyre til Svelgen, med dei ulike behova brukargruppene måtte ha for oppfølging.

Når det gjeld små babyar skal dei ikkje sitte i bilsete så lenge av gongen heller. Helsenettstaden WebMD omtalar ein studie som konkludera med at å etterlate nyfødde spedbarn i bilstolar i lengre periodar av gongen kan resultere i lavt oksygennivå og risiko for pusteproblem hos barnet. I fylgje studien hadde friske, fullborne to dagar gamle spedbarn som vart plassert i bilsete i 60 minutt, i gjennomsnitt lågare oksygennivå enn borna som kvilte på  ryggen i babyseng. Babyar som skal fraktast frå Kalvåg til Svelgen må sitte i bilsete over ein time kvar veg.

Du fortel òg at vi skal få eit mykje betre tilbod ved helsestasjonen i Svelgen. Mykje betre enn kva? Tilbodet vi har no? Har ikkje vi eit godt tilbod då? Vi er fornøgde med tilbodet vi har og synest vi har eit godt tilbod både når det gjeld tilgjengelegheit og fagleg. Vi har ein god helsestasjon der vi møter oppdaterte fagfolk, vi får god oppfylging, vi har tilbod om å ta kontakt når behovet er der og vi føler oss godt ivaretekne både som foreldre og born.

Eg lurar på, herr ordførar, kven er det eigentleg du går i takt med? Det er ikkje oss som brukarar. Vi vil behalde helsestasjonen. Ut i frå det eg les i avisene går du heller ikkje i takt med ditt eige kommunestyre. Politikarane der seier det ikkje er gjort vedtak på flytting av helsestasjonen. Går du i takt med dei som jobbar som helsesyster? Er dei einige i at å flytte tenestane sine vekk frå brukarane er heilt uproblematisk? Går du i takt med di eiga regjering? Erna Solberg snakkar varmt om helesyster og jordmor. Ho meinar det må opprettast fleire stillingar for å dekkje behovet for helsesyster og jordmor rundt om i kommunane. Dei siste åra er det nettopp derfor bevilga over ein milliard kroner for å sikre at ein ikkje raserar helsestasjonane og skulehelsetenesta rundt omkring i kommunane. Trur du Erna Solberg synest det er uproblematisk at høgreordførarar rundt om i kommunane handlar på tvers av det som blir bestemt sentralt? Vi veit jo alle kva som skjedde med tilbodet om jordmor for oss i ytre.

Det er ubehagelig å innrømme feil. Det svir litt når stoltheten får seg ein knekk. Det skal det gjere. Eg vil likevel seie at det er lov å gjere feil. Problemet er når syndaren ikkje gjer noko for å gjere urett rett igjen. Kjære herr ordførar, det er ikkje for seint å vinne respekten tilbake. Innrøm feilen din, ikkje benekt den. Det står det respekt av.

Du seier at du trur ikkje helsestasjon er avgjerande for om folk flyttar til ein stad. Godt du sa trur, for eg veit - jo det er avgjerande for enkelte. Så her tek du feil!

Vi ber om å få behalde helsestasjonen på Hauge, og meiner dette er ein rett vi har gjennom det helsestasjonen faktisk skal vere - eit lavterskeltilbod. Det er den ikkje lenger i Bremanger om de flyttar den til Svelgen, og det er problematisk - ikkje uproblematisk.