Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Frøyen, hovudtillitsvald, Utdanningsforbundet Vågsøy.

Kinn – for eller imot?

Mykje blir sagt og skreve om kommunesamanslåinga for tida, både i aviser og på ulike nettforum.

Det er oppretta ei nei-side på Facebook, «Den offisielle aksjonen mot Kinn kommune».

Eg stussar over det som skjer no.  Vi er mange tilsette i Vågsøy og Flora kommunar som er i gang med arbeidet med å skape Kinn kommune.  Vedtaket om Kinn vart gjort for snart eit år sidan.  Først i Vågsøy og Flora i april, så i Stortinget i juni.  Det vart sidan stadfesta av nytt storting i desember.

Ein aksjon mot Kinn kjem eit år for seint.  No har vi fått pengar til samanslåingsarbeidet, 22 millionar,  og vi har fått auka årlege inntekter frå staten med 4,3 mil, som er disponert i budsjettet.   Vi har fått eintydige signal frå sentrale politikarar om at desse pengane må tilbakebetalast ved ei evt. reversering.  Og så har vi fått klare signal om at eit fleirtal på Stortinget ikkje vil reversere vedtaket.

Og det finn eg forståeleg:  Dersom eit frivilleg vedtak skal reverserast så lang tid etterpå, kva då med dei som er tvangssamanslegne? Her er det omfordelt pengar som er brukt i samanslåingsarbeidet.  Det er ikkje rimeleg at andre kommunar skal vere med å ta den økonomiske kostnaden ved at vi har bedt om samanslåing og så ombestemt oss.

Eg deltek i samanslåingsarbeidet som tilsetterepresentant,  både i fellesnemnda og i det administrative arbeidet.  Eg ser at det som skjer no skapar uro og forvirring, både for dei tilsette og for politikarane.  Kva gjer vi no?  Kan vi arbeide vidare med samanslåinga?

Kan vi bruke pengar som vi ikkje veit sikkert om vi har?

Dette er utfordrande for motivasjonen for det arbeidet vi skal gjere.  Prosessen med Kinn kom seint i gang i høve til dei andre samanslåingsprosessane.  Det er eit stort arbeid som skal gjerast, mykje skal på plass, og vi har ikkje meir tid enn vi treng.  At arbeidet vert sett på vent no, er det siste vi treng om vi skal vere budde den dagen vi er ein kommune.

Og det trur eg vi blir.  Alle signal frå sentralt hald tyder på det.  Dessutan veit eg slett ikkje om det er så stor motstand mot Kinn som det kan sjå ut til i media.  Mange er usikre og ynskjer meir informasjon.  Mange lurer på  korleis dette vil bli. Det har eg og gjort.  Eg ser utfordringar med mange ting, men slik stoda er no, meiner eg at det beste vi kan gjere er å arbeide konstruktivt for å få til best mogelege løysingar.

Det som skjer no, er at folk får den oppfatninga at dei skal ta stilling for eller imot Kinn, og så kan dei vere med å bestemme dette i folkerøysting.  Eg er redd den tid er forbi.  Det er stor sjanse for at dette berre vert med folkerøystinga.  Og kvar står vi då?  Dersom det vert nei, og vi ikkje får endra vedtaket, korleis er då føresetnadane for å få til ei god kommune?

Og om vi får ja, så har vi brukt mykje tid og pengar på noko som ikkje fører til anna enn ei stadfesting av det som alt er vedteke.  Og medan vi ventar på resultatet, må mykje arbeid i prosessen setjast på vent.