Dette innlegget er skrive av Kinn-motstandar Jostein Eimhjellen.

Vil Kinn-skuta gå tom for diesel?

Martin Hagen kjem med flotte betraktningar om Kinn. Når han omtalar enkelte ting i mine faktainnlegg , blir det vel mykje rot.

2. Om arbeidsgjevaravgift skriv Martin at ordninga skal reviderast i 2021 og alt er uvisst. At ordninga skal reviderast er kjent for alle. Ekspertane i Telemarksforsking har teke høgde for dette og ut frå deira viten skriv dei at dei «reknar i utgangspunktet med at Vågsøy vil gå opp i sone ETTER NESTE REVISJON». Og vidare: «Det kan være mogleg å søke om kompensasjon for brå soneoppgang, men det finst pr. i dag ingen klare signal om ei slik eventuell ordning».

Tidlegare kommunalminister Sanner har stadfesta mykje det same i eit brev som er sendt til fellesnemnda, der han understreker at «den nye kommunen ikkje vil innfrie kriteria for innlemming i ordninga slik regelverket er i dag». Det er dermed ein konklusjon at, etter dagens godkjende regelverk, vil Vågsøy gå opp i sone. Det betyr ein ekstrakostnad for Kinn på 9,8 mill. kr. pr. år.

4. Når det gjeld dei store variasjonane i demografikostnadar fram til 2040, så skriv Telemarksforsking at Vågsøy får ei auke i utgifter på 58 mill. kr og Flora 193 mill. kr. Ordførar Teigen har sagt at tal heildøgnplassar må meir enn doblast, frå 130 som skal være klare til neste år til 274 i 2040. Ja, ein får kompensert ein del utgifter, men det medfører òg utfordringar og ekstra utgifter.

I sak 085/17, som var oppe i Flora KS 03.10 2017, har Heggheim skrive følgjande i forhold til vurdering om framtidig statleg kompensasjon for auka demografikostnad; sitat «Det er grunn til å tru at kommunen sjølv må bidra til å løyse den økonomiske demografiutfordringa vi står ovanfor»

Eit råd til Flora kunne vore å prioritere eldreomsorga og vente med nytt rådhus til 150 mill. kr. Men nytt flott rådhus vert sjølvsagt vesentleg når ein skal stå fram som eit «maktsenter på kysten»!

Til slutt, eit tips:

Når Heggheim skal presentere effektiviseringsgevinst neste gong, så må han hugse å få med ein motpost på ekstra båt-transport, som det har vore hevda er ein føresetnad for denne «kommunedraumen».

Ville vore trist med budsjettsprekk og tome dieseltankar.