Denne kommentaren er skriven av Stig Erik Elliott og er del av Stemplar ut-spalta i Fjordenes Tidende kvar fredag.

Bergensarar er vindpyser

Du veit ikkje kva vind her før du har stått på Kvalheimsfjellet og kjent orkanen nappa i underbuksa medan du klamrar deg fast til eitt av dei trea som ikkje finst i det gode landskapet ut mot Stadten.

Det meiner i alle fall eg. Prøver eg å seia dette til naboar, vener og andre i storkjefta Bergen der eg no bur, får eg akkurat det: Storkjeft.

På same måte som austlendingar får sjokk og går inn i ein massiv psykose om det kjem meir enn tre snøfnugg og fire regndråper på ein gong, er det ikkje mykje vind som skal til før bergensarar får panikk. Kanskje er det fordi dei er så breie i kjeften og konstant har han open, slik at dei er redde for at vinden skal få tak og senda dei til himmels?

Då eg lanserte teorien for naboen, fekk eg sjå akkurat den: Breikjeften, open på vidt gap og med ein frisk bris av bannskap og berre halvgod kveldspust rett i fleisen. At eg var så dum å leggja til at ei slik hending i tillegg ville vera historisk ettersom ein då for første gong hadde fått ein bergensar i himmelen, hjelpte ikkje særleg, kan ein seia.

Likevel: Eg står for det eg har sagt. Bergensarar er vindpyser. Blir det meld stiv kuling på kveldsnyheitene, stavrar dei ut i hagen og tjorar fast trampolinar, kjerringar, ungar og anna tilfeldig lausgods som dei måtte ha samla opp rundt hus og heim. Politiet tar av på Twitter og oppmodar alle om å halda seg innandørs, helst med blylodd om beina i tilfelle hustaket forsvinn.

«Det er ikkje det at det regnar så mykje i Bergen, me har berre litt høgare luftfuktigheit enn andre», seier bergensarane bråkjekt når det regnar. Når det bles ørlite, har dei problem med å sjå at det ikkje er særleg til vind – berre litt større fart i gjennomtrekken.

I skrivande stund, som truleg er dagen før di lesande stund, er det litt fart i gjennomtrekken her i byen. Det var det i går òg. På reaksjonane frå folk flest, skulle ein tru at Kong Harald var like om hjørnet – på vindinspeksjon og for å trøysta dei livredde bergensarane.

Eg ler godt, og fattar ikkje kva dei bles seg opp for …