Varaordfører i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp), har skrive dette lesarinnlegget som eit svarinnlegg på Ola Teigen (Ap) sitt innlegg før helga:

Svar til Ola Teigen

Nei, Ola Teigen. Eg har ikkje forsøkt å instruere deg om kva du som ordfører i Flora kommune bruker tida di på. Men eg ber deg om at folket i Vågsøy får bruke tida fram til folkeavstemminga 11. juni utan innblanding får verken deg eller andre.

Det eg prøver å formidle til deg, er at dette kanskje ikkje er rette måten å gå fram på om du skal klare å få eit fleirtal i folkeavstemminga i Vågsøy for Kinn kommune. Eller er du så sikker på at det vert nei at du må ta i bruk alle midlar for å forsøke å stoppe folkerøystinga?

Vedtaket i nemnda som du viser, og som seier at at Heggheim også er rådmann i Flora fram til 1. mars 2018 er heilt rett, men han er også prosjektrådmann i denne perioden i 50 prosent stilling.

Så påstår du at du må kunne bruke din rådmann slik du vil, heilt einig. I kommunestyret sa du at eg og Terje Heggheim har fått eit møte med statsråden i kommunaldepartementet. Så langt eg høyrde så klargjorde du ikkje om han skulle være med som rådmann i Flora eller prosjektrådmann i Kinn i møtet i Oslo den 22. februar.

Så undrar eg på kva svar statsråden vil kunne gje deg? Er det ikkje slik at statsråden først må få sjå søknaden? Og den er ikkje ein gong skrive, den skal eventuelt skrivast etter eit nei til Kinn i Vågsøy. Dersom du er så overbevist om at Kinn for Vågsøy sine innbyggarar er ein framifrå god ide, kvifor då ikkje overbevise dei?

Så poengterer du at du er ordførar for 12.000 i Flora kommune. Ja, det er nettopp det vi har forstått: Vi vil heile tida være i mindretal. Eg skal komme tilbake til kva vi i Vågsøy har av erfaringar når makta vert flytta bort frå oss.

Så ber eg deg om å svare konkret på disse fire spørsmåla:

1. Er det slik du vil behandle innbyggarane i Vågsøy i framtida?

2. Vil du ta omsyn til fleirtalet av folket i Vågsøy med 50,1%?

3. Korleis skal vi kan tolke ditt utsagn?

4. Reiser du til statsråden for å få råd eller er det for å påverke at folket i Vågsøy ikkje skal få seie si meining?