Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

I går markerte Nettbuss Express at det er 30 år sidan Nordfjordekspressen starta opp med fleire daglege direkterute mellom Måløy, Nordfjord, Ottadalen, Gudbrandsdalen og Oslo. Nordfjordekspressen er ein viktig livsnerve som mange i Nordfjord er glade for å ha. Det var Nordfjord og Sunnmøre Billag og Ottadalen Kommunale Billag som samarbeidde og som søkte om konsesjon til å drive denne ruta i 1988. Det var knytt stor spenning til om det var grunnlag for å starte opp og drive desse rutene på privat basis utan offentleg støtte. Det sat nok langt inne for styresmaktene å seie ja til ei bussrute som skulle konkurrere med toget mellom Otta og Oslo.

Nordfjordekspressen har frakta rundt 2,4 millionar passasjerar desse 30 åra. Etter at Kvivsvegen kom har grunnlaget for desse direkterutene blitt styrka gjennom samarbeid med direkterutene frå Møre og Romsdal og Ulsteinvik. Det finst raskare måtar å komme seg frå Nordfjord til Oslo. Men for mange brukargrupper er det heilt OK å ta buss, sjølv om det tek tid. Ein av suksessfaktorane har vore at busselskapet vore opptekne av å ha topp moderne bussar med god komfort og å ha sjåførar som er opptekne av service i alle år.

Den største utfordringa for denne ruta er rv. 15 over Strynefjellet. Dei gongane ekspressbussrutene har problem er når snø og vind fører til at denne fjellovergangen blir stengd, gjerne i lengre periodar. Då må bussane og reisande ta ein lang omveg om Åndalsnes. Det betyr sjølvsagt tapt tid for reisande og ekstra kostnader for busselskapet. Vil vi at denne ruta skal gå i minst 30 år til så må vi engasjere oss i kampen for ny og trygg heilårsveg over Strynefjellet. Nordfjordekspressen betyr mykje for mange, og vi håpar dette tilbodet vil bestå i mange år.