Dette innlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag:

Brann i roseleiren

Noreg er ein fredeleg plett, men den blå-blå reformpsykosen har verkeleg fått det til å ulma i folkedjupet. I Finnmark er motstanden mot direktiva frå sentralt hald i ferd med å slå ut i full fyr, og elden vil breia seg.

Stoda har ein parallell i ein gallisk landsby i teikeserieheftet «Brann i roseleiren». Idyllen i Asterix si verd kunne nok verta forstyrra av Trubadurix sin song og Hermetix sin stinkande fisk, men i grove trekk sto dei samla, særskilt i kampen for eige sjølvstende. Slik dei nordpå har sitt saftige språk, var gallarane velsigna med styrkedråpane til Miraculix i forsvaret mot åtaka frå romarane.

Julius Cæsar nytta alle legionar han rådde over, utan siger før han sendte eit skummelt vapen nordover under parolen «Splitt og Hersk». Den ufordragelege og infame Psychopathus Provocalorius klarte med lumske knep og perfide kommentarar å setta kven som helst opp mot kvarandre medan han sjølv og oppdragsgjevaren hans, keisaren, gjekk fri.

Utan samanlikning forøvrig, Knut Storberget er ein hyggeleg mann, men kan hende var Monica Mæland lurare enn Cæsar? Storberget vart jo sendt til eigne partifellar. Vrede haglar så mot desse som eigentleg er i mot heile opplegget, men er tvinga til å delta i prosessen. Som dei slue romarane, sklir arkitektane bak tvangstiltaket unna.

Landet rundt fører reformene til ugreie og syner at sår frå Schei-komitéen enno ikkje er lækte. Når skal då dette prosjektet gå seg til? Ein biverknad  er krav om grensejusteringar som utviklar seg til uverdig kappe land-leik. Departementet via Fylkesmennene stør typisk nok slikt der endring i imperialistisk ånd vil gjera dei store større og svekka dei små.

I Follo skulle gigantomanien samla sju kommunar til éin. Berre i Ski, som då ville verta verdas navle, var folk positive. H-styrte Oppegård var lojale mot sentralmakta og overkøyrde innbyggjarane. Difor dannar desse to Nordre Follo kommune, men mykje vil ha meir. Annektering av 4.000 innb. fekk gehør i Oslo, men slett ikkje i Ås, den råka naboen. Eit stortingsfleirtal av alle andre enn H/FrP/V vedtok å freda grensa. Likevel heldt ein prosess fram i regi av Fylkesmannen med innbyggjarundersøkingar som lokalt har vorte oppfatta som manipulerande. Då Fylkesmann Valgerd stilte på eit smekkfullt folkemøte i den omstridte landstripa, vart ho møtt med buing.

Normalt er stabile grenser eit kvalitetsstempel på eit samfunn. Dømet frå Follo er berre eitt av alt for mange på korleis konstruktivt samarbeid og godt naboskap over grensene vert brote ned. Berre Provocalorius og hans like gnir seg i nevane over slikt.

Medan det er all grunn til å steila over storleik og avstandar i storfylket Troms og Finnmark, rynkar søringar på nasen over misfosteret Viken. Hedmark og Oppland ynskjer heller ikkje Innlandet med eit areal over dobbelt så stort som Viken. Like tragisk er det at Sogn og Fjordane, utstillingsvindauget for smådrift, hamnar på slaktarbenken.

Reformpsykose lyt også vera diagnosen ved danninga av vanskapningar i lågaste forvaltningsnivå. Samanslåing av Flora og Vågsøy til Kinn, til dømes, er ein rein absurditet. Det er ti mil på krokute vegar pluss ei ferjereise mellom denne usamanhengjande konstruksjonen. Språkrådet bør nekta bruk av ordet kommune. Pr. definisjon er det eit mindre administrativt område og avleia frå latin «communis» som tydar felles. Deira minste felles multiplum ligg i at båe har anløp av Hurtigruta. Folk ristar naturlig nok på hovudet og krev slutt på vanvetet. Etter lang kamp vert det endeleg folkerøysting i Vågsøy. Om det sannsynlege NEI ikkje vert teke til fylgje, vert det neppe fred i det tohoda trollet.

Provocalorius fekk sjøl Asterix og Obelix på kant med kvarandre. Innad i norske bygder, kommunar, fylke, regionar og politiske parti vert også samhaldet brote ned. Det svekkjer motstanden og merksemda vert avleia frå regjeringa sine mange andre sentraliseringstiltak og innmeldinga av Noreg i den europeiske energiunionen, ACER.

Kor vart det så av dei hovudansvarlege i dette bisarre teateret? Regissør Sanner bytta departement. Tvangsgutane som på eit bakrom i Stortinget teikna kart på tvers av folkeviljen, har også forlate valplassen. Jensen (H) har vorte Fylkesmann i Trøndelag. Toskedal (KrF) tapte attval. Skjelstad (V) sine tvangstankar forklarer nok mykje kvifor berre 2,2 prosent i heimfylket røysta på han. Han berga plassen på utjamningsmandat, men har saman med Njåstad (FrP) skifta beite frå kommunalkomitéen.

Frå kunnskapsminister Sanner høyrer vi det kjende hakket i plata når lærerane protesterer mot endra kompetansekrav med attendeverkande kraft: «Omkampenes tid er forbi», men i eit sunt demokrati lyt det vera rom for opinionsdanning, folkerørsler og samfunnskamp også mellom vala, i siste instans jamvel sivil ulydnad når overkøyringa er grov nok og mangel på truverdig grunngjeving og konsekvensanalyse er openberr.

Attende sit folket med ein ny minister som allereie har tona flagg mot finnmarkingane. Som om ikkje fornorskning, tvangsevakuering og sentralisering var nok, vert dei formana til å godta dødsdom over fylket sitt. Då skal det visst skje på relativt humant vis. Elles kan dei berre ha det så godt. Difor argumenterar einskilde i utgangspunktet ihuga motstandarar for Storberget si forhandlingsløysing. Det held ikkje lenger. No bør det vera innlysande at samanslåing i uoverskodeleg framtid vil føra til øydeleggjande strid i ei direkte dysfunksjonell eining. Å kjempa imot er difor samfunnsgavneleg og reversering det einaste ansvarlege. Byggeprosjekt som synar seg å vera på ei tomt av kvikkleire, vert stogga på augneblinken.

Provocalorius mislukkast i Gallia, og Cæsar kasta han til løvene i Colosseum. Intrigemeisteren sådde då slik splid hjå dyra at dei åt kvarandre framfor han. Her i landet lyt vi no passa oss for tilsvarande kannibalisme. Asterix sitt kloke hovud gjennomskoda romarane sin lumske taktikk og med det likevel solide venskapet med Obelix vart landsbyen redda. Med same klårsyn og mot lyt også nordmenn slukka brann i roseleiren.