Eid-ordførar Alfred Bjørlo har skrive dette lesarinnlegget:

Listhaug har gått for langt

No har eg kokt innvendig sidan fredag.

Har prøvd å telje til 10 og til 100. Har prøvd å gå lange skiturar, gå på konsert, trene, sjå gode tv-seriar og gjere ingenting.

Men det går ikkje. Eg klarer ikkje å starte ei ny arbeidsveke skikkeleg før følgande er sagt:

Denne gongen har Sylvi Listhaug gått for langt. Skuldingane hennar mot Ap for å gå i terroristane sitt ærend - på premieredagen på filmen om 22. juli - er nedrige, grovt misvisande og ei skam for heile det politiske miljøet.

Ord betyr noko, og dette er lågmål. No må Sylvi Listhaug rett og slett velje om ho vil vere nett-troll på heiltid, eller styre landet som justisminister ut frå regjeringa sin politiske plattform - slik Adresseavisens Tone Sofie M. Aglen så utmerka poengterer i sin kloke kommentar-artikkel mandag kveld.

Det ventar eg at Statsministeren gjev henne klar beskjed om i ei samtale på kammerset. Eg har forståing for at statsministeren ikkje vil refse sin underordna for hardt i full offentlegheit. Det er gjengs god arbeidsgjevarpolitikk. Men i ei nært foreståande samtale på rektors beskjed må ho få klar beskjed.

Så lurer eg på om Sylvi Listhaug har tenkt på følgjande: All samfunnsbygging handlar om å bygge tilit mellom menneske. Stein for stein, dag for dag. I små og store lokalsamfunn, over heile landet.

Alt handlar om tillit. Om at menneske jobbar saman - finn løysingar på tvers av parti, på tvers av bakgrunn, på tvers av skilnader seg imellom.

For kvar gong Sylvi Listhaug fyrer laus sitt ekle «Lik og del»-skyts for å bryte ned tilliten og samhaldet mellom folk i landet vårt - så blir dette arbeidet litt vanskelegare. For oss på lokalplanet. Vi som ikkje er justisministrar, med makt til å endre landet. Til det betre, eller til det verre.

Sånn, no er det sagt.

No kan veka byrje for alvor for min del. Tysdag skal vi feire at Eid, Gloppen og Nordfjord får verdas første heilelektriske ferjesamband - E39 Anda-Lote. Vi er først i verda med ein milepæl for framtidas fossile samfunn - slik eg som Venstre-mann har brent for i ein mannsalder. No er vi der. Det er jaggu ikkje dårleg.

Så ta deg ein tur ut i frisk luft, Sylvi. Du sit for mykje på eit mørkt kontor og surfar rundt på nettstader du ikkje har godt av å vere på.

Eg kan ta deg med på ski i Stigedalen om du vil det.