Kommunestyrerepresentant i Vågsøy, Geir Oldeide (Rødt), har skrive dette lesarinnlegget:

Fasiten fins, Sindre!

Ser at Sindre H. Kvalheim etterlyser svar på eit viktig spørsmål i Fjordenes Tidende. Han skulle gjerne visst om det er mogeleg med omkamp. Dette spørsmålet har jo vore sterkt framme heilt sia spørsmålet om folkerøysting kom opp. Spesielt ja-sida har mange gonger hevda at ei folkerøysting er bortkasta. Fleire av dei sentrale ja-poltikarane har hevda at det ikkje er mogeleg å Stortinget til å ta opp att saka. Spesielt Edvard Iversen har vore veldig kategorisk på at ei folkerøysting er å gje folket falske forhåpningar. Også på Facebook har dette blitt hevda av mange Kinn-tilhengarar. Og så har jo vi på nei-sida hevda det motsette, at sjølsagt kan Stortinget gjere om på eit vedtak dei har gjort.

Men no har vi fått fasiten på dette, Sindre. På fellesnemnda sitt siste møte i Florø på tirsdag fekk Fylkesmannen dette spørsmålet. Kva vil skje dersom Vågsøy skulle snu om Kinn og sende ein søknad til Stortinget om reversering? Svaret var dette: Ingen kan sjølvsagt forskottere kva Stortinget vil gjere om det kjem ein førespurnad frå Vågsøy om reversering. (Kilde: Firdaposten)

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket. Dette er det offisielle svaret. Det burde kanskje ikkje kome som noko overrasking at det er dette som er fasiten, men no må det altså bli slutt på at ja-sida hevdar at omkamp er umogeleg. Høyrer du Edvard Iversen?