Dette innlegget er skrive av Kalvåg Bygdelag, Nye Bremanger, Bremanger Sanitetsforening, NHS Bremanger (handikaplag), Bremanger Pensjonistlag, Kalvåg Pensjonistlag og Eldrerådet i Bremanger.

Innbyggarane i ytre Bremanger kjempar for helsesenteret

Folk i ytre Bremanger reagerer sterkt på kommunen sine planer for Hauge Helsesenter.

I lokalavisene les folk i ytre Bremanger at kommunen vurderer å legge ned heile Helsesenteret på Hauge. Målsettinga til Bremanger kommune er at alle innbyggarane skal ha eit likeverdig tilbod til helse og omsorgstenestene.

Vert Helsesenteret på Hauge lagt ned kan Bremanger kommune umuleg oppfylle si eiga målsetting. Køyretida frå Kalvåg/ytre Bremanger er i overkant av ein time, på dårlege vegar og i dårleg vêr kan bruer vere stengde. Slike dagar kan det i tillegg vere dårleg flygevêr for helikopter. For ein del av innbyggarane i Kalvåg/ytre Bremanger vil det by på store vanskar å komme seg fram til kommunesenteret for å gå til lege, helsesøster, jordmor. Slik kommunikasjonen og den offentlege transporten mellom ytre og indre er i dag, kan det fort bli at ein brukar ein heil dag for å nå desse tenestene. Vi veit også at det er mange eldre og utanlandske tilflyttarar som ikkje har eigen bil. Drosje er då einaste utvegen. Dette har også ei begrensing på retten til å nytte seg av det.

Eit av argumenta for å sentralisere helsesentera er at ambulansane er godt utrusta og har dyktig fagpersonell til å handtere akutte hendingar.

Ambulansane er slett ikkje alltid til stades. Vi veit også at Helse Førde stadig diskuterer nedskjeringar i denne tenesta.Summen av alt dette gjer at bebuarane i ytre Bremanger har grunn til å kjenne seg uroa for den tryggleiken vi har krav på.

Bremanger kommune brukar store ressursar for å få folk til å busette seg i bygdene våre. Dersom vi bygger ned helsetenesta, vil det gje dårlege signal til dei unge som kan tenkje seg å flytte. Nokre vil kanskje vurdere å flytte herifår. Det gjeld både yngre og eldre.

Vårt spørsmål er: Kva vil kommunen spare på å sentralisere helsetenesta? Faste kostnadar må betalast sjølv om alt vert samlokalisert i eit helsesenter.

Står lokala klare eller må det byggast nytt? Kva er det då å spare på ei samlokalisering?

Argumentet frå kommunen mot samanslåing med andre kommunar var at vi då bl.a. ville verte fråtekne lokale tenester.No virkar det som kommunen er i ferd med å gjere nettopp dette sjølve. Sentralisering innan eigne kommunegrenser er visst noko heilt anna. Tenester og jobbar skal flyttast til Svelgen. Eksisterande lokale som kommunen sjølv har bygd og folk i bygdene har vore med og rusta opp blir ståande tomme.

Må alle desse viktige tenestene lokaliserast i kommunesenteret? Dette er eit spørsmål folk i ytre stiller seg og vi finn denne sentraliseringa særs urimeleg.

Vi krev at dette dokumentet vert vedlagt sakspapira på kommunestyret sitt ekstraordinære møte den 22.03.2018.