Dette innlegget er skrive av Åshild Leirgulen, Gunnvald Sundsøy, Lillian Myre og Margit Eikeset på vegner av Bremanger Eldreråd.

Helsetenester i Bremanger

Eldrerådet i Bremanger deler uroa til innbyggarane i ytre Bremanger, som har kome fram i fleire avisoppslag om helsetenester i kommunen. Bygdefolket har gått i fakkeltog for å vise sin motstand mot nedlegging av helsestasjonen på Hauge, og innbyggarane er svært uroa for den vidare utviklinga.

Slik legane i ytre Bremanger uttaler seg til Fjordenes Tidende den 13. mars, er også deira syn at denne delen av kommunen er nedprioritert når det gjeld helsetenester. Dei to legane, Kumar og Solaty, har vore legar i ytre i hhv. 19 og 12 år. Dei uttrykkjer at dei vil reise frå kommunen, dersom helsestasjon/legekontor på Hauge blir nedlagt. Eldrerådet har fått stadfesta at legane trivest godt, og ønskjer å bli verande i bygda. For dei er nærleik til pasientane det viktigaste, og pendling til felles legekontor i Svelgen er for dei utenkjeleg.

I utdrag av framtidas organisering av helsetilbodet i Bremanger, heiter det blant anna at: «Alle innbyggarane skal ha eit likeverdig tilbod av helse og omsorgstenester». Eldrerådet i Bremanger meiner nedlegging av helsestasjon/legekontor vil svekke tilbodet om likeverdige tenester. Bremanger er ein stor og vidstrekt kommune, som er nesten utan tilbod av offentleg transport internt. Når veg og bruer mellom ytre og indre deler av kommunen ofte er stengde, går dette ut over innbyggarane si kjensle av tryggleik. Store avstandar til tenestene er særleg utfordrande for eldre med dårleg helse og for born og unge som ikkje kan nytte eigen bil. Eldrerådet etterlyser at politikarane legg ein konsekvensanalyse for helsetilbodet til grunn for vedtak, der tryggleik og samfunnsmessige følgjer vert vurderte på lik linje med økonomisk vinst.