Jorunn Petrine Frøyen frå Kalvåg har skrive dette lesarinnlegget:

Båtstopp i Kalvåg

Fellesnemnda i Kinn vil ha ny båtrute mellom Måløy og Florø, der punkt 2 i vedtaket seier:

«Dersom det er hensiktsmessig kan framtidige ruter ha stans i Bremanger kommune.»

I diskusjonen rundt saka kom spørsmålet opp; Kvifor skal vi ha stopp i Bremanger kommune? Ein kommune som har vist så tydeleg motstand mot, og til tider forakt for, Kinn sine idear og visjonar; i kommunestyrevedtak, i høyringsuttaler og i sterke lesarinnlegg i avisspaltene.

Kjære Kinn, det er ikkje vanskeleg å forstå dykkar reaksjon! Likevel håper eg at de no viser at de står støtt ved Kinnprosjektet sin store visjon; Å skape mest mogleg utvikling i regionen vår! Det er den visjonen som verkeleg gjev prosjektet meining og som kan vekkje begeistring hjå innbyggjarane! Ei ny båtrute, som også går innom Bremanger, vil være eit godt verkemiddel i så måte. Bremanger kommune, på si side, har lange tradisjonar i å støtte båtruter, og vil nok heilt sikkert bidra med sin del også i denne.

Men i tillegg til å opprette ei ny båtrute, bør politikarane, både i Bremanger og Kinn, no gå inn for å etablere Kalvåg som ny stoppestad, for alle båtruter her i ytre. Dette for å gjere båtstoppen enda meir «hensiktsmessig» for flest mogleg. Ingenmannslandet Smørhamn kai eksisterer som båtstopp på overtid, og det på tross av politiske forsikringar om at den dagen ferja vart lagt ned, skulle båtstoppen flyttast til Kalvåg.

Kalvåg som stoppestad vil først og fremst legge betre til rette for vekst i besøksnæringa, ei næring som vil verte meir og meir viktig for heile regionen. Og auka vekst i besøksnæringa, vil gje auka inntening for alle båtruter og dermed redusere tilskota frå det offentlege mest mogleg.

Knutholmen har, med utrøytteleg innsats gjennom 30 år, makta å setje, ikkje berre Kalvåg, men heile Bremanger, på kartet som ein interessant reiselivsdestinasjon. Med ein «stå-på-vilje» få unnt, har Fosse bygd ei reiselivsverksemd som trekkjer folk frå alle kantar og som har fått mange prisar og utmerkingar innan ei næring som veks meir enn nokon gong. Men vekst og utvikling kjem ikkje rekande på ei fjøl, heller ikkje for Knutholmen, og spør ein Fosse om kva som må til for å få til fleire arbeidsplassar og meir heilårleg aktivitet, så er «betre logistikk for dei reisande» høgt oppe på lista over ønska tiltak.

Sjølve køyreturen til Smørhamn tek ikkje mange minuttane, men det medfører eit ekstra transportledd for dei reisande, med alt det fører med seg, og det i ein region som ikkje akkurat er lettvint å ta seg fram i, med båt-og bussruter som ein må være lokalkjend for å forstå. Vi treng ikkje gjere reisa meir krunglete enn nødvendig for dei besøkande!

I tillegg til god logistikk vert det heller aldri nok marknadsføring i kampen om dei reisande.  Og ein skal ikkje underslå marknadsføringsverdien av fleire daglege båtanløp, med mange reisande, til og frå regionen vår, om bord. Og det må ikkje være tvil om at vi marknadsfører oss best, og gjer oss mest attraktive, ved å vise stader der det bur folk og er menneskeleg aktivitet. Om nokre år vert Stad skipstunnell ein realitet, noko som garantert også vil føre til betydeleg auke i turisttrafikken langs leia. Dette må vi førebu oss på allereie no, slik at vi kan få vår del også av den veksten.

Kalvåg er allereie ein svært hensiktsmessig møtestad for Kinn kommune. Med båtstopp i Kalvåg, og med ei ny båtrute på plass, vil den fungere enda betre enn i dag. Reisande frå og til Måløy/Florø vil kunne komme dit, og returnere heim, omlag samstundes, om møtet varer 3 timar eller ein heil dag.

Pelagia investerer i desse dagar stort i Kalvåg, noko som vil bety fleire og tryggare arbeidsplassar i ytre Bremanger.  Store industriareal har blitt lagt til rette på Kalvøya, kaier har blitt bygde og fleire er planlagde. I tillegg ligg ny sjarkhamn godt an til å bli bygd innan få år.  Både med omsyn til rekruttering til eksisterande verksemder og overfor verksemder som vurderer å etablere seg på Kalvøya, vil båtstopp i Kalvåg, med gode båtruter både mot nord og sør, bety mykje.

Besøksnæringa veks som aldri før, og fiskerinæringa er spådd å gå forbi oljenæringa som den viktigaste næringa i Norge i framtida. Skal vi få ta del i den utviklinga, må der gjerast ein del nye grep på politisk nivå. Eit slikt grep er å flytte båtstoppen frå Smørhamn til Kalvåg. Politikarane må vurdere fordeler og ulemper, vege dei opp mot einannan og deretter gjere sine val. I denne saka føler eg meg trygg på at Kinn vil komme fram til at alle båtruter vil være mest «hensiktsmessig» med stopp i Bremanger, og at både Kinn og Bremanger vil komme fram til at flytting av båtstoppen til Kalvåg vil være det mest bærekraftige vedtaket på sikt.

Det krev politisk mot til å ta også dei upopulære grepa, men det er naudsynt dersom ein vil henge med i utviklinga og ikkje sakke akterut. Motstand mot endring ligg godt fast i ryggmargen på dei fleste av oss, og det er lettast å gå i dei same spora som vi alltid har gått, uansett om det fører oss «dit høna sparkar». Etableringa av Kinn kommune er eit glimrande døme på politikarar som viser både vilje og mot til å tenkje nytt og ruste oss for framtida. Det håper eg dei vil lukkast med, men då er det viktig at dei ikkje taper den store visjonen sin av syne.

Når eg følgde fellesnemnda sitt møte på nett i veka som var, vart eg litt uroa for at det kan skje, men håper eg tek feil!

Lukke til med prosjektet dykkar. Eg håper Bremanger kommune kjem etter om ikkje så lenge!