Dette innlegget er skrive av Norvall Klungresæter.

Vedrørande samordning av legetenestene i Bremanger

Eg kan kanskje forstå at kommunalsjef og sikkert og kommunelege ønskjer å samle troppene sine i Svelgen for på denne måten ha større føling av system og kontroll, men det er imidlertid ikkje det denne saka bør handle om.

Det det må handle om er at Bremanger kommune framleis må  gje eit desentralisert og nært tenestetibod. Med tanke på nærleik, tryggleik og berede grunnen for ei vidare utviikling av bygdene. Ikkje slik som ein no vurderer, nemleg å legge opp til ei lokal sentralisering, noko som i alle høve Senterpartiet er forventa å ta sterk avstand frå.

Om dette mot formoding skulle verta ein realitet, vil det bety ei reisetid på over ein time frå Kalvåg, noko som tilsvarar at ein i Måløy skulle måtte reise til Eid og vel så det for eit legebesøk. I tillegg er ikkje vegen av det mest gjestmilde slaget, med to fjellovergangar og til dels rasutsette område.

Når ein ser samfunnsøkonomisk på det, vil dette sjølvsagt være eit tapsprosjekt, med tanke på all den tid som samla sett vil gå med på reising/transport, og sjølvsagt er det negativt med omsyn til miljøet.

Det er nettopp med tanke på slike prosessar ein her ser, at mange i Bremanger har vist motstand mot kommunesamanslåing, nemleg  frykt for nedbygging av tenestetilbod og lenger veg til basistenester.

Så mi oppmoding til politikarane i Bremanger vert sjølvsagt at ein går imot ei flytting av helsetenesten frå Hauge til Svelgen, og ser dette som ei viktig prinsippsak, og ikkje noko ein delegerer til administrasjonen til avgjerd.