Dette lesarinnlegget er skrive av Turid Vika Skram frå Måløy.

Kvifor er eg for Kinn kommune?

Eg får av og til spørsmål om kvifor eg er for Kinn, og nokre gonger verkar det som at den andre faktisk ynskjer å lytte – ikkje «ta meg» om du skjønar.

Då vil eg gjerne forklare godt kvifor eg er for, det er vanskeleg å gjere det på nokre få setningar. Av denne grunn har eg forsøkt å forklare det skriftleg, og deler dette no for eventuelt andre som er interesserte. Eg skriv ikkje for å overtale andre til å endre sin ståstad – eg har full respekt for at ein kan sjå annleis på saken. Det er ingen som sit med fasiten i handa på nokre av sidene i denne debatten – det er framtida som vil vise kva som var rett.

Eg må starte med perioden eg var aktiv i lokalpolitikken (2003 – 2011). Då erfarte eg det politiske spelet og samhandlinga som skjer både nasjonalt, i fylkesting og lokalt. Opplevinga var at det økonomiske handlingsrommet vart stadig knappare, noko som førte til eit stort behov for å prioritere stramt. Avgjerslene om vårt handlingsrom vart avgjort i Oslo og på Leikanger. Så sat vi i kommunestyret og «krangla» om det som var tildelt vår kommune, lik andre kommunar.

Eg erfarer at handlingsrommet ikkje har vorte større, uavhengig av kva for regjering som sit. Etter mi meining har det ikkje vore ein dans på roser i Vågsøy dei siste åra. Eg er usikker på kor tid dei store endringane skjedde, men noko har skjedd sidan eg gjekk ut av Måløy vidaregåande skule i 1991. På den tida kan eg ikkje huske at der var kranglar om skulestruktur og lite pengar. Barnetalet var truleg større enn talet på eldre over 80 år, for vi var mange klasser på ungdomskulen. Eg huskar at vi hadde 7A, B, C, D og E. Same for 8. og 9. klasse. No er det stort sett A, B og C. Fleire grendaskular er lagt ned, og på fylkestinget i Leikanger sit fylkespolitikarane og skal vurdere kva for vidaregåande skular som skal fortsette å ha tilbod. Alle vil ha – men ikkje alle får. På MVS har dei mista tilbod, eg har ikkje den totale oversikta – men registrerer at det er stor pågang på den eine klassa som fortsatt er på studiespesialisering, og at påbygg etter yrkesfag er lagt ned og flytta til Eid. Med jamne mellomrom må lokalpolitikarane kjempe for at vi skal fortsette å få ha det tilbodet vi har på Måløy vidaregåande – i likheit med lokalpolitikarar frå Eid, Florø, Sandane, Stryn osv.

Der er fleire andre instansar og tenester der framtida vert avgjort utanfor vårt kommunestyre. Statlege  og fylkeskommunale tenester er under press, og vi har opplevd å miste tilbod og tenester lokalt. Eksempel er Tollvesenet, Skatt Vest, og det er ikkje lenge sidan det var stor mobilisering for å behalde Fiskeridirektoratet i Måløy. Politireforma gjer at organisering av lensmannskontora er i endring, og eg personleg blir ikkje overraska om vi i løpet av eit år eller to må reise ut av Vågsøy for å få ordne oss pass. Kampen mellom kommunane om å behalde – og få tilført – statlege og offentlege arbeidsplassar er og blir stor. Eg er opptatt av desse arbeidsplassane, fordi vi treng ei bredde i type arbeidsplassar dersom vi skal få fleire til å flytte hit.

Endring er skummelt. Vi veit kva vi har, vi veit ikkje kva vi får. Eg trur at dei fleste baserer sitt standpunkt i Kinn-debatten på meir eller mindre kjensler som frykt, og tidlegare tenkte eg at det handlar mest om frykta for det ukjende. Men eg har komen til at sjølv om eg ikkje har frykta for det ukjende, så handlar det også for meg om frykt. Frykta for at vi om 30 -50 år sit med ein liten barneskule som har plass til dei få barna vi har her i kommunen, der vi har enda mindre handlingsrom fordi dei fleste som bur her er pensjonistar som naturleg nok ikkje bidreg til kassa slik ein yrkesaktiv gjer. Eg er ikkje bekymra for at ikkje eg, og dei på min alder skal ha det fint i Vågsøy – eg er bekymra for om det blir tilbod igjen her for dei som kjem etter oss. Ja, det høyrest kanskje dramatisk ut, men jammen har Vågsøy endra seg mykje sidan 80-talet.

Eg likar ikkje trenden og utviklinga, og eg er derfor ikkje der som eg høyrer Kinn-motstandaren ofte seier: «Vi klarer oss fint aleine».

Eg har større ambisjonar for Vågsøy enn det som er dagens utvikling og situasjon. Og særleg når resten av regionen vert fylt opp med større kommunar med større makt der dei viktige avgjerslene vert tatt.

Ok – så er eg for kommunesammenslåing. Kvifor Kinn?

1) Fordi det er behov for at kystkommunane står saman. Dei har dei same interessene og behova ift utvikling.

2) Fordi Selje, Eid og Vanylven sa nei til Vågsøy. Eid opplevde at kystfokuset vart for stort.

3) Fordi Stad inviterte Vågsøy – utan at Vågsøy fekk være med å lage intensjonsavtale.

4) Fordi Flora vil vere saman med Vågsøy på ein ærleg og likestilt måte. (Mi oppfatning sjølvsagt)

5) Fordi Flora har dei same erfaringane som Vågsøy, ved at dei opplev at tenester vert flytta innover i fylket. Vågsøy og Flora forstår kvarandre.

6) Fordi Kinn vert ein kommune som ikkje fylkestinget/regionstinget i Bergen kan ignorere.

7) Fordi eg trur at Kinn i større grad enn Vågsøy kan sikre at vi beheld:

a. Tannlege

b. Vidaregåande skule

c. Statlege og fylkeskommunale kontor/tenester.

8) Fordi Kinn i større grad enn Vågsøy kan sikre at vi får utvikling i høve samferdsle, og i tillegg få oppretta fleire statlege tenester i vår kommune, både lokalisert i Måløy og i Florø.

9) Fordi eg opplev at Kinn tek innover seg at det er for stor geografisk avstand til at ein kan tenkje sentralisering av tenester til innbyggjarane – det er lagt opp til at tenestene skal være der innbyggjarane er. Det betyr at dei tilsette i Vågsøy som arbeider direkte med innbyggjarane framleis skal ha arbeid i Vågsøy. Det meiner eg er ein god ting for oss i Vågsøy, og ikkje eit argument mot Kinn. Ja, det blir kanskje ikkje like mykje å spare økonomisk som om vi var ilag med Stad og satsa på pendling til Eid, men gevinsten blir heller i det langsiktige: Unngå nedlegging av tilboda våra, auke tal arbeidsplassar, betre samferdsle på kysten, auke tilflytting og barnetal, og unngå frå flytting og forgubbing om 30 år.

Eg høyrer om «kjøtvekta» som etter kvart blir skummel for oss i Vågsøy. Eg klarer ikkje å sjå det slik. For det første tenkjer eg at kjøtvekta i Oslo og i Bergen vert den som avgjer dei sentrale rammene. For det andre har eg erfaring med å sitte i kommunestyret og tenke kommunen som heilskap. Sjølv om eg var frå Halsør og budde i Måløy, så betydde ikkje det eg at eg ikkje ville dei andre bygdene vel. Eg syntest det var litt underleg med Bryggjalista, der det sat representantar som hadde på sitt program at dei skulle kjempe for Bryggja. Vi andre skulle kjempe for kommunen som heilskap. Ut frå den erfaringa, ser eg for meg at det ofte er dei minste som kjempar mest for seg sjølv og mindre for alle, og ikkje den største. Det handlar til slutt om tillit. Eg har tillit til at dei som driv med lokalpolitikk på fritida si i hovudsak gjer det for at ein brenn for at alle innbyggjarane i kommunen sin skal ha det så bra som mogeleg – uavhengig av kvar i kommunen dei bur. Det er der det viktige handlingsrommet kjem inn – jo betre handlingsrom – jo betre tenester.

Så høyrer eg at det brukast argument som «eg er aldri i Florø», og «eg møtte mange vågsøyværingar på Eid». Hm… Eg kan ikkje hugse sist eg var på Kvalheim, i Vedvik, Oppedal, Vågsvåg, Husevåg. Heilt ærleg – radiusen min er stort sett heim – jobb – Rema 1000 – hytta mi på Harpefossen.

No har det seg sånn at eg tilfeldigvis ofte er i Florø på jobb, og har vore det dei siste fire åra, men kva så? Nokon er ofte i Ålesund med barna til kjeveortoped – kva så? Må vi være mykje i heile kommunen vi bur i for at det skal være gyldig? I så fall slit eg allereie med vår eigen kommune. Og vi kan vel trivast i andre kommunar også? Eidarar er hjarteleg velkomne til Vågsøy, og eg opplever at vi er velkomne hos dei. Poenget for meg må vere at eg ikkje må reise ein time for å få tilgang på dei kommunale tenestene, om det er innover til Eid eller sørover til Florø. Eg trur det er størst sjanse for å sleppe det med Kinn.

Konklusjon: Eg meiner at Kinn vil være positivt for å sikre Vågsøy (og Flora – og kysten) si utvikling og eksistens i det lange løp.

Derfor er eg for.