Lesarinnlegg:

«Bakgrunnen for stillheita og mitt tydelege ja til Kinn»

– Eg trur at dersom Vågsøy og Flora i fellesskap hadde jobba målretta for ein god kystkommune, i staden for å bruke kreftene på å argumentere om kjøtvekt, så hadde kanskje Bremanger fått lyst til å vore med, skriv Leif Magne Gil (Ap) i dette lesarinnlegget. Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Leif Magne Giil kommunestyremedlem og gruppeleiar i Vågsøy Arbeiderparti:

«Bakgrunnen for stillheita og mitt tydelege ja til Kinn»

I leiaren i Fjordenes Tidende fredag 6. april 2017 skriv redaktør Erling Wåge at han saknar politikarane i debatten som rasar. Eg tolkar han som at han meiner politikarane som stemde for Kinn kommune. Om han set seg ned og les godt gjennom alle innlegga som rasar på Facebook, kan ein kanskje sjå noko av årsaka til det.

Mange av dei er prega av personangrep og latterleggjering, og som folkevalt er det rett og slett ikkje det ein er valt til å måtte gjennomgå. Fleire av oss får gjennomgå både på offentlege meldingar og på private meldingar. På Facebook-sidene til Fjordenes Tidende og andre større medium, er der moderatorar som stort sett har eit godt blikk på kva som skjer, men dette kan ein ikkje forvente alle stadar. Så kan ein seie at vi som folkevalte må akseptere å vere i offentlegheita, og tåle det som er. Det er eg til dels òg einig i, men personangrep, latterleggjering og trakassering kjem eg nok aldri til å akseptere. Eg kan ikkje snakke for dei andre, men det er ein del av grunnen til at eg har vore tilbakehalden i det siste. Eg synest  det er ubehageleg. Men Arbeiderpartigruppa i kommunestyret i Vågsøy har vore veldig aktive, og jobba mykje for informasjon rundt Kinn kommune.


I tida før 30. mars 2017 ivra eg veldig for å få eit vedtak for Kinn kommune. Eg òg vart derfor ein av dei 16 som i det ekstraordinære kommunestyremøtet stemte for intensjonsavtala mellom Vågsøy og Flora kommunar og Kinn kommune frå 1. januar 2020.

Då eg skulle ta det valet var det ikkje vanskeleg for meg. Eg er folkevalt i min andre periode no. Vara i perioden 2011 -2015, og fast i noverande periode 2015 -2019. Gjennom denne tida har ein måtte tatt ganske mange vanskelege val. Det har ikkje vore nokon «dans på roser» å vere folkevalt i Vågsøy kommune. Kvart år har ein måtte kutta i forskjellige sektorar, fordi inntektene frå staten endrar seg. Kommunar som har folkevekst og er store på innbyggjartal blir favoriserte. Vi har klart oss så vidt fordi vi har brukt opp sparefonda våre.

Så kjem det ei regjering som vil ha kommunesamanslåing - noko eg i prinsippet er einig i. Det blir gitt tilskot til dei som slår seg saman, og det blir gitt «pisk» til dei som ikkje gjer det. Vi går i samtalar med naboane våra, men dei fører ikkje fram. Då startar vi opp at samtalar med Flora, noko eit samla kommunestyre er samde om at ein skal gjere.


Eg ønskte ikkje folkeavrøysting, og eg ville heller ikkje ha telefonundersøking. Dette skal eg forklare. Når vi som folkevalte sit og skal stemme for noko og skal ta avgjersler på vegner av innbyggjarane i Vågsøy kommune, set vi oss godt inn i ei sak. Kanskje vi ikkje har alle opplysningar, men vi les gjennom sakspapir, og innhentar opplysningar frå andre relevante kjelder. Når vi då skal avgjere saka må vi vege for og imot. Vi har eit ansvar for økonomien til kommunen. Vi har eit ansvar for helsetenesta, for born og unge, for eldre, for barnevern, for arbeidsplassar og for næringsliv. Vi har eit ansvar for framtida til kommunen, for tilvekst, og for trivsel. Det blir så mykje større enn følelsar og identitet, sjølv om det er ein del av det. Personleg, viss eg ikkje hadde sitte i kommunestyret og ikkje sett meg så godt inn i saka som eg hadde, og hadde fått ein telefon der personen i den andre av røret spurde: «Er du ja eller nei til Kinn kommune?»,  då innrømmer eg at eg kanskje hadde svara nei. For det er det enklaste og tryggaste, det ein har mest lyst til her og no på ein måte. Eg hadde då slept å føle at eg måtte stå til ansvar for den avgjersla. Slik var det ikkje for meg då eg skulle svare ja eller nei i kommunestyresalen.

Det handlar om framtida til vårt område, og er det ikkje akkurat det vi bryr oss om? 

For ein del år sida var det stor ueinigheit då ein skulle slå saman Sør- og Nord-Vågsøy. Kanskje var det nokre som var negative når det skulle byggjast bru over Måløysundet òg? Høyanger kommune har ei nordside og ei sørside, og Sognefjorden mellom. Skal vi vere negative fordi at det på kartet ser rart ut? For alle som seier at Kinn ville vore bra om Bremanger hadde vore med, dei blir i alle fall ikkje med om Kinn ikkje blir ein realitet. Det er heilt sikkert. Eg trur at dersom Vågsøy og Flora i fellesskap hadde jobba målretta for ein god kystkommune, i staden for å bruke kreftene på å argumentere om kjøtvekt, så hadde kanskje Bremanger fått lyst til å vore med.


Kinn får ein administrasjon som vil kunne utvikle ein sterk kystkommune. Det er det aller viktigaste for meg. Med delt kommunesenter meiner eg at dette vil bli den beste løysinga Vågsøy kommune kunne ha fått. Vi sikrar vår største arbeidsgjevar i kommunen, Vågsøy kommune, sine tilsette arbeidsstad stort sett i Måløy. Kinn kommune vil vere garantisten for nærleik til dei viktige tenestene kommunen pliktar å levere. Kvifor vil Kinn kommune vere garantisten? Nettopp grunna avstandar, så vil lova regulere det. Derfor treng ein verken frykte for at ein må til Florø for å få sjukeheimsplass, oppsøke legevakt, eller for å søke om rehabilitering av skorsteinen.

Eg er ein stor tilhengar av Kinn kommune, men eg òg har nokre spørsmål som eg er usikker på. Eg er ærleg på det. Men eg veit det at eg kjem til å få svara på dei snart. Eitt av spørsmåla er hamn. Der er det veldig viktig at ein gjer eit godt arbeid. Hamna i Vågsøy, og no Nordfjord Havn er eit særs viktig element. Dette er noko vi skal jobbe tett med, og som hamnerådet og hamnestyret veit er viktig for Vågsøy og Nordfjord. Eit anna spørsmål er skular. Vi har forskjellige strukturar når det gjeld skular i Flora og Vågsøy. Vågsøy har nett vedtatt endring frå fem barneskular til tre. Framtida seier at vi må gjere investeringar. Dette burde vore eit større fokus no i tida framover i staden for dei diskusjonane vi er i. Eg trur vi forsiktig må starte med eit nybygg for Skram skule, og dette må planleggjast og settast opp mot vedtekne strukturar/investeringar i Flora. Vi bør snakke om svømmehall, vi bør snakke om sentrumsutvikling, vi bør snakke om eldreomsorg. Alle desse sakene druknar no i ein diskusjon; ja eller nei til Kinn. Om vi seier nei til Kinn, og under føresetnad av at Stortinget skulle gjere om eit vedtak, har vi ikkje økonomi til nokon av desse tinga


Sjølv om eg har slike spørsmål er mitt ja til Kinn heilt klart. For vi skal bli ein kommune som saman skal komme fram til gode løysingar for området vårt.