Vara i Vågsøy kommunestyre, Stine Kråkenes Øvrelid (Ap), har skrive dette lesarinnlegget:

«Ja til Kinn»

Ja, eg er for Kinn kommune og er positiv til intensjonsavtala mellom Vågsøy og Flora.  At Vågsøy frå 2020 må stå åleine vil eg sjå på som eit svært uheldig utfall og lite framsynt for Vågsøy kommune.

Vi må løfte blikket opp frå vår kommune. På regionalt og statleg hald vil Kinn bidra positivt som ein større eining og større slagkraft. Den mykje omtalte «kjøttvekta» vil eg sjå på som ein styrke for regionen. Vi kan få eit slagkraftig senter på kysten med utnytting av både verdiskaping og potensialet i vår kystregion Ålesund – Bergen. Vi kan ha større tyngde inn mot fylkestinget og Stortinget, «saman er vi sterkare».

Kysten er satsinga vår, og utviklingspotensialet vårt! Vi er ein kystkommune; satsing og styrke av kysten meiner eg vil gje oss innbyggjarar goder tilbake iform av; utvikling av nærlingsliv, fleire arbeidsplassar og større moglegheit til auke i offentlege arbeidsplassar. Vi har ein fantastisk ungdom med utdanning, kunnskap og ambisjonar. For Vågsøy vil det vere positivt å vise til kva vi allereie har i dag, og kva vi kan skape saman med Flora i nye Kinn kommune.

Som sjukepleiar ser eg nytta av ein større eining innan områder som forebyggande helsearbeid, rus, psykiatri, funksjonsnedsettingar, barn og unge. Større og meir robuste fagmiljø vil styrke tenestetilbodet og fagkompetansen innan dei ulike områda. Frykta for tap av tenester lokalt, og flytting av pasientar frå Vågsøy og Flora delar eg ikkje. I intensjonsavtala står det klart og tydleg at ein skal ha og utvikle førstelinjetenester som skular, sjukeheimar, helse – og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga.

Derfor stemmer eg «Ja til Kinn», og oppfordrar alle til å nytte folkerøysta si!