Kommunestyrerepresentant for Vågsøy Venstre, Daniel Gangeskar, har skrive dette lesarinnlegget:

«Kinn kommune er for meg framtida»

I det siste har fleire av mine kollegaer i kommunestyret kome med grunngjevingar for kvifor dei stemte for Kinn kommune. Eg ynskjer no å gjere det same. Kinn kommune er for meg framtida.

2015-2019 er min første periode i kommunestyret. Ein periode som har vore tøff grunna ein ganske anstrengt og trong økonomi. Det har vorte gjort vanskelege val, og som min politikarkollega Leif Magne Gil frå Arbeiderpartiet beskreiv det, so har det ikkje vore «nokon dans på roser» å vere lokalpolitikar i Vågsøy dei seinare åra. Budsjettdebattane har vore prega av harde kutt, tøffe prioriteringar og vanskelege val. Men eg har vore valt for å nettopp ta desse vala, og det er ein del av det som føl med når ein vel å vere politikar. Som politikar har ein eit ansvar og vi er vårt ansvar bevisst.

Tenestene til innbyggjarar verte lokalt forankra. Bur ein på Raudeberg skal ein sjølvsagt kunne oppsøkje legevakt nærast mogleg ein sjølv, utan å måtte reise til Florø. Bur ein i Vågsvåg skal ein framleis få plass på Kulatoppen når helsa ikkje lenger strekk til slik at ein kan bu heime, ein skal ikkje til Florø på sine eldre dagar for å få naudsynt hjelp i kvardagen. Barnevernet skal framleis kunne bistå familiar i Deknepollen med hjelp og naudsynte tiltak.

Framtida er gode tenester til deg som innbyggjar. Tenester som du også i Kinn kommune vil få lokalt. Framtida er ungdommar som flyttar tilbake. Ungdommar som har utdanna seg som sosiologar, økonomar, statsvitarar, juristar, snekkarar, kokkar, sjukepleiarar, arkitektar og forskarar. Framtida er sterke og levande lokalmiljø. Lokalmiljø som Raudeberg, Vågsvåg, Osmundsvågen, Ivahavet, Kvalheim og fleire til. Lokalmiljø der naboar bur side om side og kommunen bistår med det ein treng.

Alt dette er eg overtyda om kjem til å framleis bestå og også verte styrka i Kinn kommune. Framtida for meg er Kinn kommune.