Les Ma­ri­ta Aar­vik sitt innlegg som sto på trykk i mandagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.

Marita Aarvik sendte inn innlegget på vegne av LHL Sogn og Fjordane og i debattinnlegget tek ho opp ambulansesituasjonen i Sogn og Fjordane.

Ope brev til Helse Før­de/Helse Vest

I samband med fram­legg til end­ring i am­bu­lan­se­si­tua­sjo­nen i Sogn og Fjor­da­ne.

Det er med den størs­te uro LHL Sogn og Fjor­da­ne har re­gist­rert at Helse Før­de ønsker å kut­te dras­tisk i am­bu­lan­se­te­nes­te­ne i fyl­ket.

Vi mer­kar oss at øko­no­mi er ei av driv­kref­te­ne for fram­leg­get. Det er i fram­leg­get til ny am­bu­lan­se­plan snakk om at am­bu­lan­se­te­nes­ta skal vere be­re­kraf­tig. Et­ter vår mei­ning er det størst be­re­kraft i at per­so­nar får rask hjelp og kan kome rakt til­ba­ke til god hel­se og ar­beid.

For hjer­te-, kar- og lun­ge­sju­ke er tids­ram­ma ofte knapp.

Helse Før­de har enno ik­kje inn­ført til­bod om trombolyse til sine pa­si­en­tar, sjølv om det­te er vanleg i and­re fylke i lan­det med lan­ge avstandar til PCI be­hand­ling. For dei som ik­kje har nyt­te av den­ne be­hand­lin­ga, has­tar det enno meir å kome raskt til sju­ke­hus. Når vêr­til­hø­va gjer til at ik­kje luft­am­bu­lan­se kan rykke ut, vil des­se pa­si­en­ta­ne få eit svært dår­lig ut­gangspunkt og som vil bli betydeleg ver­re med dei nye om­leg­gings­pla­na­ne.

Det har dei sis­te par åra vore eit sterkt fo­kus på hjer­ne­slag. Det har vore eit vik­tig mål at folk skal lære seg å kjen­ne att teik­na på det­te. Det­te hjelp lite når det tek vel­dig lang tid til am­bu­lan­se er på plass for å brin­ge pa­si­en­ten til sju­ke­hus for CT-scanning. Vi veit alle at til len­ger tid som går, til stør­re ska­de vil det­te med­fø­re på hjer­nen og som i nes­te om­gang vil kun­ne gi sto­re sam­funns­øko­no­mis­ke kost­na­der.

Der­med vil vin­nin­ga fort gå opp i spin­nin­ga om vi ser på det sto­re bil­det.

Vi kan ik­kje på no­kon måte ak­sep­te­re at dår­li­ge pa­si­en­tar skal få endå len­ger ven­te­tid på hjel­pa i Sogn og Fjor­da­ne. Vi er eit fyl­ke med my­kje fjell og med my­kje sma­le og svin­ge­te ve­gar som det tek lang tid å for­se­re. Gale på bar veg og man­ge gon­gar nes­ten umu­leg på glat­te vintervegar.

Døgn­am­bu­lan­sa­ne slik dei er i dag, er eit mins­te­krav for oss, og vi bed om at vårt brev vert teke med i sty­ra si be­hand­ling av den­ne saka.

Ønskjer du å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no