Dette debattinnlegget av Hogne Bleie sto på trykk i onsdagens papirutgave av Fjordenes Tidende. Har du lyst å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no.

Torsdag kunne ein på rådhuset vere vitne til det som må ha vert det mest uryddige budsjettmøtet i Vågsøy kommunestyre sin historie.

Under budsjettdebatten la ordføraren på vegner av Arbeiderpartiet og Høyre fram eit benkeframlegg til kommunebudsjett. Framlegget innebar mellom anna å legge ned skulane på Bryggja og i Holvik.

At ein ordførar legg fram eit budsjettframlegg som er alternativt til formannskapet si fleirtalsinnstilling er i seg sjølv svært spesielt og eit brot på ordinær rolleutøving for den som skal vere kommunens fremste folkevalde. Om Ap og Høyre sitt felles benkeframlegg hadde vorte vedteke, ville to barneskular hadde vorte lagt ned i strid med gjeldande kommunedelplan for oppvekst.

Kommunedelplanen, som inneber at vi skal ha fem barneskular i Vågsøy, vart etter ein lang og grundig prosess nyleg vedteken for ti år. Denne delplanen seier også at ungdomsskulen framleis skal ligge på Gotteberg, eit vedtak Framstegspartiet og andre grupper i kommunestyret ikkje var udelt einige i, men som ein med eit demokratisk sinnelag respekterer. Dette står i sterkt kontrast til Ap og Høyre, som med ordføraren i spissen viser totalt manglande forståing for vedtekne kommunale planar og demokratiske prosessar.

I budsjettdebatten vart det til alt overmål reist kritikk mot prosessen fram mot budsjettmøtet i kommunestyret. Eg vil då minne om at dette løpet vart lagt tidleg på året, og at budsjetteringa skal bygge på gjeldande kommunale planar og vedtak. At nokre grupper vel å ikkje ta ein meir aktiv rolle i denne prosessen er sjølvvalt.

I formannskapsmøte 27. november la Asgeir Solheim (Sp) fram eit alternativ til rådmannen sitt budsjettframlegg. Dette alternativet var på førehand diskutert med fleire partigrupper, derav Frp. Alternativet inneheldt reduserte investeringar og låneopptak, samt uendra eigedomsskatt.

Rådmannen hadde framlegg om auka eigedomsskatt i langtidsbudsjettet. Budsjettframlegget Solheim la fram vart med fem stemmer vedteke som formannskapet si innstilling.

At Høyre, som med ordføraren har kommunen sin einaste lønna heiltidspolitikar, ikkje makta å legge fram sitt eige budsjettframlegg i formannskapet i november er verd å merke seg. At Høyre i formannskapsmøtet heller ikkje stemte på nokon av alternativa til kommunebudsjett er direkte oppsiktsvekkjande.

At det høvesvis femte største og det største partiet i kommunen, Ap og Høyre, sidan finn saman og først i kommunestyret sitt endelege budsjettmøte vel å reise eit benkeframlegg som strid med nyleg vedtekne og grundig greia ut kommunale planar, er slett politisk handverk og inneber å aktivt føre innbyggarane bak lyset.

Fleirtalsinnstillinga frå formannskapet vart med små justeringar fremma som fellesframlegg frå Sp, Frp, KrF og Bryggjalista, og vart med støtte frå SV og delar av Venstre vedteke som kommunebudsjett.

Eg håper at veljarane i Vågsøy merkar seg kva for parti som er til å stole på og som viser respekt for vedtekne planar og prosessar.

Les flere debattinnlegg i onsdagens papirutgave av Fjordenes Tidende.