Ane Barmen er ein av fire spaltistar som er i papiravisa på sistesida kvar fredag.

Her kan du lese siste kommentaren i avisa sist fredag;

I mange år har eg hoppa over dette med nyttårsforsett. Det vil seie, eg har hatt forsett, men eg har gjort dei så latterleg enkle at det er mest umogleg å mislukkast.

Eg mislikar nemleg sterkt å ikkje få til ting.

Difor har eg hatt mål som å «bli flinkare til å bruke lesebriller» eller «kose meg meir», og eg har hatt braksuksess. Slikt likar eit konkurransemenneske.

Men i år har eg ombestemt meg. Det er ei stor endring eg treng å gjere i livet, og det skal igangsetjast så snart kalenderen bikkar 2015. Eg har kjend lenge at noko må gjerast, og no skriv eg det i avisa slik at eg er nøydd til å gjere det: i 2015 skal eg lære meg å kjede meg igjen.

Eg veit ikkje med dykk, men eg har mista evna til å kjede meg. Eg var skikkeleg flink til det då eg var lita, før internett og Facebook og hundre TV-kanalar og realityshow. Dersom eg klaga til foreldra mine over at eg kjeda meg fekk eg det same kontante svaret kvar einaste gong: «Bra! Det har du godt av.»

Eit utruleg gørr svar å få når ein er lita, men eg byrjar å tru at dei var inne på noko.

For eg har liksom mista evna til å berre glo ut i lufta. Og eg konsentrerer meg dårlegare. Kvar einaste gong eg tykkjer noko er det minste stilleståande famlar eg etter mobilen. Er filmen eg ser litt treig – sjekk om det har skjedd noko nytt i nettavisene. Er festen litt døll – kik på ein blogg eller to. Lang busstur – tru kva gamle kjende på Facebook har ete til middag?

Eg ser ikkje lenger berre ut glaset og let tankane flyge. Og det bekymrar meg.

Det blir gjenteke i det uendelege, dette med at vi lever i eit samfunn der vi blir overvelda av informasjon til ei kvar tid. Men det er jo sant. Vi treng aldri kjede oss lenger, det er alltid eit TV-program eller eit sosialt medium parat til å underhalde oss.

Eg merkar at eg alltid vil vidare, vil klikke inn på neste nettside eller til neste kanal for å finne noko nytt, noko meir spanande. Kva som helst for å sleppe mitt eige selskap. Eg er blitt meir rastlaus, slit med å samle tankane om noko, eg les færre bøker, går sjeldnare tur.

Så 2015 skal bli året då eg skal byrje å gjere ein ting i gongen igjen. Klappe hunden. Synge. Sjå ut glaset. Ha saudestir, ofte.

Kanskje eg klarar å slutte å jage etter noko meir spanande og underhaldande heile tida, kanskje eg klarar å vere litt meir til stades her og no. Det er i alle fall verdt eit forsøk.

Godt nyttår, alle saman. Måtte det bli eit godt og teneleg år for oss alle – med eller utan saudestir.