Dette innlegget av Øystein Sandøy sto på trykk i fredagens papiravis av Fjordenes Tidende.

Ønsker du å delta i debatten? Send ditt innlegg til fjt@fjt.no!

Har nokon høyrt om NOU 2014: 16? Ikkje det? Kva med Tveterås-utvalet? Nokre få, ja. Kva er det eigentleg for noko? Ha’kkje peiling! Det er visst noko med fisk.

Eg skal ikkje klandre nokon, verken for interesse – eller kunnskapsløyse.

Men kort fortalt er NOU 2014: 16 ei lengre utgreiing om den norske sjømatnæringa, laga av eit utval leia av professor Ragnar Tveterås ved Universitetet i Stavanger. Her går ein nøye gjennom status for denne næringa per dato, og korleis utvalet ser for seg at lønsemd og verdiskaping kan aukast i alle ledd.

Utgreiinga er ein svær papirhaug, der nok storleiken i seg sjølv gjer at dei aller, aller fleste kvir seg på å gå laus på han.

Utgreiinga er interessant, og ikkje minst kontroversiell. Fylgd til punkt og prikk vil ho omkalfatre sjømatnæringa radikalt, og leggje grunnlaget for ei heilt anna næring enn den som vi kjenner.

På godt og vondt!

Store delar av lovverket, og allehånde politiske føringar blir føreslegne avvikla, og aktørane på sjø og land kan – og bør? – dermed fokusere mykje meir på lønsemd, avkastning og konkurransedyktigheit. Frå mange sin synsstad er det heilt sikkert ynskjeleg, ikkje minst her hos oss. Rigide retningsliner og høgt kostnadsnivå har vore tunge kors å bere. Nedlagde og avvikla bedrifter og aktivitet i Måløyregionen talar sitt tydelege språk.

Ein skulle tru at dette var gefundenes fressen for riksmedia og kommentatorane. Men nei! Så langt har dei vore bortimot fråverande. Ein og annan politikar har trippa så vidt inn på banen og demonstrert litt kunnskapsløyse, men inntil vidare er utgreiinga milevis unna å vere eit nasjonalt samtaleemne.

No skal det heile ut på høyring, og min spådom blir nok at det går med denne som med han som tok mål av seg til å lage eit skrivebord til mor si til jul. Han enda opp med ei brødfjøl.

Dette tyder imidlertid ikkje at utgreiinga har gått upåakta hen. FiskeribladetFiskaren, og avisene nordpå manglar ikkje stoff om dagen. Lesarinnlegga florerer, og alle (hyle)kor syng den same songen. Tittelen er stort sett «ruin», «katastrofe», «avfolka kyst», «svik mot landet» og «Kor e’ hammaren, Edvart». Songteksten er den triste soga om idealisten i sjarken som må strekkje våpen mot kvotebaronen på Vestlandet. David og Goliat. Her kan ein i parentes nemne at David vann over Goliat, og at han var ein kløppar til å kaste stein.

Kanskje er skaden alt skjedd. Dei fordomsfrie, nøkterne analysane druknar fullstendig i støynivået frå grupperingar med pompøse namn som Kystopprøret-Gjenreis Kystnorge, Kystaksjonen, og Kystens Tankesmie. Slagorda fyk gjennom lufta, plakatar blir måla med brei pensel, og eitt og anna flagg er henta fram att frå det ungdomsradikale mørkeloftet. Her finn ein hammaren til Edvart, i lag med sigden.

NOU 2014: 16 er eit grundig og gjennomarbeidd dokument, og ja; enkelte av konklusjonane ER radikale og kontroversielle.

Men ein skal ikkje skyte bodbringaren, og før ein kappar hovudet av dagens fiskeriminister, så skal ein vite at utvalet vart sett ned av den raud-grøne regjeringa. Heller ikkje eit vondt ord til dei for det. Men alle må ta innover seg at denne næringa, tilliks med dei fleste andre har sin eigen dynamikk, og gjerne tek andre retningar enn dei som det politiske miljøet – og for den del aktørane sjølve – ideelt sett skulle ynskje.

Ein kan ikkje berre setje seg på hoggestabben med gitaren i fanget og synge triste viser om kor mykje betre allting var under krigen. Så langt er det dessverre det som held på å skje, utan at det vi måtte ha av oppegåande journalistar og politikarar tek seg bryet med å sjå forbi slagorda og – ja, eg kallar det for rette namnet – skrålinga!

Eg ynskjer ikkje at ulveflokken tek sauene, men gjetaren som ropar «ulv, ulv» i tide og utide kan gjerne bli kviskra i øyra at han for lengst er forbi det stadiet då han fortente å bli teken på alvor. Likeeins kan høgrøysta grupperingar få eit tips om at når dei no har fått servert det etterlengta kjøtbeinet, så er ikkje hammar og sigd spesielt veleigna som kniv og gaffel.

Les flere innlegg i fredagens papiravis av Fjordenes Tidende.