Les Stig Erik Elliott sin kommentar som stod på sistesida i papiravisa fredag 23. januar.

Me har alle hørt om bønder i byn.

Eg har personleg erfaring frå tematikken, i og med at eg i 25 år har vore busett i Bergen. No blir sjølvsagt dei fleste av Fjordenes Tidende sine lesarar både såra og vonbrotne om eg inseminerer at eg, og dermed dei, kjem frå bondelandet.

Likevel må me innsjå det: Nordfjord er ikkje verdas navle. Kanskje ligg me heller ikkje i mageregionen. Førre helg fekk eg eit ekstremt godt døme på det.

Eg var nemleg på tur. Til London. Ingen heisatur denne gongen. Det var business, må vita. Studietur til ei av dei største avisene i England. Redaktøren i Strilen, les: meg, skulle møta redaktøren og dei dyktigaste prosjektmedarbeidarane i The Mirror. Nordfjord og Knarvik mot Oxford og Cambrigde. Kulturkollisjon, sa du? Det var vel meir to klodar som sigla forbi kvarandre i den mørke atmosfæren…

Heldigvis er engelsken min god. Og heldigvis hadde eg stroke både ei og to skjorter før me la i veg. Det kom godt med. For å sleppa inn i det 267 etasjar høge glasmonsteret av eit bygg der The Mirror held hus, måtte du gjennom så mange sikkerheitskontrollar at du var gjennomsveitt før du var kommen halvvegs. Noko sa meg òg at dei hadde relativt låg terrorterskel: Stotring og stamming på dårleg engelsk ville truleg vore kortaste vegen til handjern og varetektsfengsling.

Men me kom no inn, både eg og redaktørkompisen min (han er forresten frå Voss, og dermed slett ikkje noko betre stilt enn meg). Det som møtte oss var ein gentleman frå Wales i 60-årsalderen, vel strigla og utan spor av walisisk språkdrakt. Pluss prosjektleiaren: Ei snerten dame rundt dei 30 med buksedrakt og silikonpuppar som truleg kosta ei halv årsløn målt i norske lokalaviskroner. Det kosta oss begge ein god del å konsentrera seg om lytting meir enn stirring. Men me kom i mål. Med lyttinga.

Det me lærte, var nemleg følgjande: Også i eit 267 etasjar høgt glasmonster, med ei av Englands største aviser (og silikonpuppar) som leigetakar, handla samtalen om ein og same tingen: Korleis skal media klara å nå ut til heilt vanlege folk i ein tidsalder når heilt vanlege folk ikkje er særskilt interessert i det media har å tilby? Korleis skal me få fjortisar som er hekta på Youtube til å lesa papiraviser som er hekta saman med stiftar? Korleis skal me få gamleheimen til å hiva seg på nettbrett slik at me kanskje ikkje treng å laga så mykje papiravis, slik at Youtube-fjortisane ikkje gløymer oss heilt?

Det var då det slo meg: Truleg har ein landsens gut frå Måløy og ein nesten like landsens gut frå Voss større føresetnader for å knekka denne koden enn eit par silikonpuppar og ein stallion frå Wales…