Det vart eit dramatisk møte då Bremanger kommunestyre skulle velje ny ordførar og varaordførar.

Det enda med at Audun Åge Røys frå Høgre vart vald til ny ordførar, og Marius Strømmen frå Senterpartiet vart varaordførar.

Forhandlingane etter valet sa at Espen Sortevik frå Arbeidarpartiet, som var den store valvinnaren, skulle bli den nye ordføraren.

Men etter hektiske gruppemøteaktivitet i møtet torsdag vart Audun Åge Røys frå Høgre vald til ordførar med 12 mot 11 stemmer.

Det var skriftleg røysting, men etter det Fjordenes Tidende forstår var det Arbeidarpartiet og Venstre som hamna i mindretal mot Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti.

Fjordenes Tidende er på møtet, og oppdaterer saka både på nett og i papiravisa fredag 2. oktober.