Plutseleg snudde alt seg igjen for Marius Strømmen (30) frå Rugsund. Han hadde forsona seg med at politikarlivet dei neste fire åra bestod av ein plass i kommunestyret.

Men no er han varaordførar i Bremanger.

- Eg fekk ein telefon klokka 22.30 onsdag kveld. Det var forhandlingsleiaren i Sp som fortalde om store bevegelsar politisk.

Høgre og SV hadde brote med Ap og V på bakgrunn av det dei førstenemnde partia meiner var eit avtalebrot om vararepresentasjonen.

Strømmen nølte ikkje med å gripe mulegheita til å bli varaordførar når den baud seg.

- Det er utruleg spennande. Men det er med skrekkblanda fryd at eg gjer det. Det var jo så openbert at ordføraren skulle kome frå Ap og varaordføraren frå Venstre at eg hadde snudd tankane mine heilt i retning av gründerverksemd og livet på sjøen igjen, seier han, og legg til:

- Men plutseleg skjer det noko kult, som snur på alt. Og det var ei utfordring eg var klar til å ta.

Han trur samarbeidet med ein Høgre-ordførar skal gå bra trass i dei politiske ueinigheitene.

- Vi har eit liknande grunnsyn i dette med privat eigedom og fokus på skaparverksemd. Til dømes må vi gjere noko med at det finst bygder i Bremanger som ikkje har privat næringsliv, seier Strømmen.