Årsaka til at tilhengaren med 16.500 liter bensin sleit seg i Skatestraumtunnelen, skal vere innvending korrosjon i hengardraget.

Det melder NRK.

Det var 15. juli at den dramatiske ulykka skjedde, der ein tilhengar losna og eksploderte. Dei 13 personane i tunnelen klarte å redde seg ut, og ingen vart alvorleg skadd.

Tilhengarane som var 18 år gamal var godkjent hos Statens vegvesen berre to og ein halv månad før ulykka skjedde, skriv NRK.

Dei fortel vidare at dei metallurgiske undersøkingane viser at draget ikkje tolte belastninga som vart påført under køyring.

– Undersøkingane viser at materialstyrken var sterkt redusert på grunn av langt framskriden innvendig korrosjon, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum til NRK.

Men kvifor korrosjonen starta, har dei ikkje funne ut enno.

– Det er ein del som vidare undersøkingar skal setje fokus på.

Les alt om ulykken i Skatestraumtunnelen her: