– Eg fekk vere med besta frå eg var ein neve stor. Ho lærte meg kunsten, seier Jonny Bakke (46) som no startar eige tradisjonsmatfirma på Davik.

Om alt går som det skal håpar Jonny Bakke at Abbel Tradisjonsmat AS kan vere i gang om 14 dagar. Den siste tida har han jobba med å få alt klart i lokala til gamle Davik fiskefarm der han har kjøpt seg inn på eigarsida.

– Vi er snart heilt klare. Det er ein kjøl og ein frys som skal på plass, og ei godkjenning frå Mattilsynet som kjem på synfaring måndag, seier Bakke.

Satsar på julesesongen

Abbel Tradisjonsmat skal drive med vidareforedling av kjøt og fisk, og no i oppstartsfasen er det juleproduksjonen Bakke satsar på. Han har kjøpt inn tørrfisk frå Vesterålen for å produsere lutefisk, og vil også lage lammerull og pinnekjøt.

– Og så blir det sylteflesk. Etter besta si oppskrift!

Med på kjøkkenet

For det er bestemora som har gjort at Bakke, som har reist i supply og hatt mange ulike jobbar, no tek steget inn i bransjen han verkeleg har lyst å vere i, nemleg matproduksjon.

– Eg har hatt ein lidenskap for matlaging heile livet. Eg var så heldig å vekse opp i same hus som besteforeldra mine, og lærte gamlekunsten av besta mi, Berta Indredavik. Eg fekk lære både slakting og tilbereding, seier Bakke.

Namnet Abbel Tradisjonsmat kjem frå staden han og dei seks søskena vaks opp på.

– Abbelgarden er gardsnamnet der eg er fødd og oppvaksen. Eg hadde veldig lyst å ha det med sidan det er denne typen tradisjonsmat som besta lagde, eg vil lage.Han er full av beundring for kokekunsten frå gamle dagar.

– Dei fekk så mykje ut av så lite. Eg kunne kome på besøk til tantene til mamma, og plutseleg stod alt muleg på bordet. Og det smakte så godt!

I starten vil det berre vere Bakke sjølv som jobbar i produksjonen, i tillegg til at kona Siv Merete Bakke tar seg av det administrative på kontoret.

– Vi har gjort ein del investeringar, mellom anna i utstyr og reiskap, og økonomien no i starten tillèt verken fleire tilsette eller større produktlinje. Vi må det steg for steg. Men håpet er at eg kan hente inn fleire tilsette neste år.