Tysdag og onsdag kjem pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane Lisa Førde Refsnes til rådhusa høvesvis i Måløy og på Nordfjordeid.

– Folk kan bestille time for å treffe oss begge stader, seier Førde Refsnes og fortel at turneen er eit ledd i at pasientombodet ønskjer å bli meir synlege ute hos folk.

– Undersøkingar vi har gjort viser at terskelen for kven som kontaktar oss på kontoret i Førde blir høgare jo lenger reiseavstand folk har. Og sidan vi ser at geografi har noko å seie, tenke vi å bli flinkare til å reise ut i distrikta og møte folk.

Folk kan spørre om alt som gjeld offentlege og statlege helsetenester, pasientrettar, sjukehusval, ta opp forhold ein er misfornøgde med når det gjeld helsetilbodet eller få hjelp om ein ønskjer bistand til å klage på behandling eller anna.