Bremanger pensjonistlag inviterer alle pensjonistar i Bremanger kommune til eldretreff i Bremangerhallen på Hauge onsdag 14. oktober.

– Vi markerer på denne måten den internasjonale eldredagen som er kvart år i oktober, fortel Åse Vadøy Hauge, leiar i Bremanger pensjonistlag.

Ho seier vidare at dei synest det er fint å samle pensjonistar frå alle bygder i kommunen og slik at dei får treffe kjenningar dei sjeldan ser.

– Det blir mykje flott underhaldning, som trekkspelgutane og songgruppe frå indre og ytre som vil opptre i lag. Det blir mykje allsong, korsong og solosong, fortel ho og legg til at Kjell Askeland vil kåsere i tillegg til at det blir besøk av leiaren i Sogn og Fjordane pensjonistforbund, Per Kjelstad.

– Det blir servering av rømmegraut, spekemat, kaffi og kaker. Og vi set av god tid til å prate, fortel Vadøy Hauge.