Lotetunnelen på E 39 mellom Eid og Lote vart stengd måndag ettermiddag.

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Det skjedde etter at ein innringar melde frå om at ein stein hadde ramla ned i vegbana. Statens vegvesen har folk på veg til staden og klokka 17.30 kunne ikkje dei seie kor lenge stenginga vil vare.

Steinen skal vere større enn ein fotball, melder NRK.

Rett før klokka 18 fekk Fjordenes Tidende melding om at tunnelen er opna for trafikk.