Det blei ein av dei mest intensive arbeidsdagane i karriera så langt då Jan-Erik Hauge sto på podiet i Mathallen i Oslo under Årets Kokk 2015 i 9 stive timar tysdag.

Etterpå var det ein matglad kokkekomet frå Bremanger som hadde vore med på eit kulinarisk eventyr av dei sjeldne i hovedstaden.

- Dette vart eit flott klimaks etter eit halvt års arbeid, seier Jan-Erik etter ein lang dag. Det blei ikkje pallplass denne gongen.

Fisken var best

Øyvind Bøe Dalelv tok 3. plassen og Christian André Pettersen blei nest best. Årets kokk blei Christopher W. Danielsen som også fekk prisen for Beste Ganefryd. Jan-Erik er likevel nøgd med dagen, sjølv om klokka gjekk fort i mellom matrettane.

- Eg er yngst og dette var nytt for meg. Men eg skal tilbake hit, det er sikkert, seier han. Og det som sat best under konkurransen var ikkje uventa fisken.

- Det er jo det som ligg meg nærmast. Og fisken smakte godt i dag, sjølv om eg ikkje klarte å danse heilt tango med anretninga, smiler kokketalentet frå Bremanger.

- Ikkje tid å ete

Det var ein dedikert heiagjeng som heia på Jan-Erik frå den godt besøkte tribuna heile dagen gjennom.

- Vi var her vel i 9-tida, men tida har gått så fort. Ikkje har vi hatt tid til å ete heller. Det er så spennande og vi vil ikkje gå glipp av noko, seier mor og far til Jan-Erik, Ann-Lisbeth og Jarle Hauge.

Mange møtte opp

Dei tok turen heilt frå Bremanger for å heie på sonen, noko både slekt og venner også gjorde, samt ei rekkje kollegaer frå restauranten Tango Bar & Kjøkken i Stavanger. Og mange timar ut i konkurransen var ikkje far Jarle bekymra.

- Han er ikkje sleten. Han er så profesjonell, veit du. Og alt går etter klokka, heile vegen, seier han om den presise arbeidsteknikken inne i den trange båsen Jan-Erik jobba i frå ti om morgonen til vinnaren blei kåra litt over kl. 18.

Nett-tv på SFO

Men det var ikkje alle som kunne være med denne dagen. Men takka være nett-tv frå TV2 var det også mange andre som fulgde med på tv. Blant anna lillesystra Tiril (6).

- Vi fekk melding frå SFO i Bremanger om at dei såg på tv der oppe. Det spørs om dei ikkje har fått gjort så mykje anna der i dag, ler Ann-Lisbeth.