Redningsselskapet får trafikktryggingsprisen 2015.

Bakgrunnen er det store og viktige arbeidet selskapet gjer i Sogn og Fjordane.

Det fortel Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Alle som ferdast på sjøen og havet veit godt at også der er det trafikk og køyrereglar. Køyrereglar er like viktige på havet som på land og luft, sa leiar av trafikktryggingsprisen, Liv Stave, då ho delte ut prisen før møtet i fylkestinget 12. oktober.

Det var Torgeir Nergaard Berg frå Redningsselskapet som tok imot prisen, som er på 25.000 kroner.

Fylkeskommunen skriv vidare at årets vinnar av trafikktryggingsprisen er ein litt annleis prisvinnar enn det ein vanlegvis tenkjer på som trafikktrygging.

– Men med oppdrag i det våte element gjer Redningsselskapet eit stort og viktig arbeid både langs kysten og innover fjordane i Sogn og Fjordane, skriv dei.

Ein av bakgrunnane til at Redningsselskapet fekk prisen, er at mange barn i fylket må i båt på skulevegen sin, og endå fleire har fritidsaktivitetar knytte til båt og sjø. Redningsselskapet held mellom anna kurs for barn og unge i sjøvett og trygg oppførsel til sjøs, i tillegg til å delta på ulike arrangement med Eliasbåten.

Prisutdelar Stave håpar på eit sterkt og tydeleg redningsselskap i Sogn og Fjordane også i framtida, sjølv om selskapet no har varsla at dei vil leggje ned kontoret i Florø og samle administrasjonen i Bergen, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Vi håpar inderleg at dette ikkje går ut over Redningsselskapet sin framtidige innsats i fylket eller resulterer i svekka engasjement for selskapet mellom innbyggarane i Sogn og Fjordane. Eg ønskjer Redningsselskapet lukke til med det viktige arbeidet langs den langstrakte og vêrharde kysten vår, sa ho i talen sin.