Minnet frå då tyskarane kom til heimbygda i 1945 er sterkt hos Alf L. Torheim. – Det som var verst var då vi stilte opp ute på tunet og skulle skytast.

Torheim var ei bygd som hadde lite kontakt med tyske soldatar under andre verdskrigen. I bygda budde brørne Kåre, Sverre og Trygve Torheim, søner av Ivar Torheim. Særleg Kåre var aktiv motstandsmann. Han hadde teke mot laster på nattetid med handvåpen og ammunisjon. Så kom Gestapo til bygda.

Sat i stova

– Dei fyrste tyskarane kom til Torheim ei veke før vi vart arresterte. Dei var framme hos Ivar Torheim, vi visste ingenting om det som skjedde der. Onkelen min heitte Sivert Torheim, han hadde postrute herifrå Torheim til Stårheim. Eg var med han og rodde etter posten denne dagen. Ruta var frå Torheim til Sørland, så Stårheim. Same ruta heim att, turen tok heile dagen å ro.

Det er 86 år gamle Alf L. Torheim som fortel. Han var 15 år og hugsar klårt denne dagen i februar 1945.

– Då vi kom heim i støda og skulle levere posten hos Ivar, kom ein tysk soldat og vinka oss til lands. Han forlanga pass, det hadde eg ikkje, men vart likevel ikkje arrestert.

– Seinare var far min og eg nede på eit sagbruk og saga. Turbinen var avhengig av vatn i elva. Då kom der på ettermiddagen to-tre tyskarar og gav beskjed at vi skulle opp i stova til Ivar Torheim. Vi måtte berre vere med. Så kom den eine etter den andre av karane i bygda inn i stova.

Han Sammel, Sivert, Andreas, Hans, Ola her framme og Johan. Guttorm Sørland arbeidde hos Kåre i sylteproduksjonen og budde her, legg Alf til. Utanom karane på Torheim vart også Birger Rosenlund internert.

Han var bror til lensmann Rosenlund i Davik. Han kom innover i gestaposkøyta. I alt sat 20 mann i stova til Ivar Torheim. I tillegg kom ei dame frå Måløy, Ellefsen. Ho hadde ringt lensmannen i Davik for å skaffe seg grensebevis for ein tur til Bergen. Dei fann namnet hennar på lensmannskontoret. Det vakte mistanke hos Gestapo, så vart ho også arrestert. I den stova sat dei arrestert om lag ei veke.

– Eg hadde ein onkel, Sigvart Halsør, han kom inn og trudde han skulle ordne opp, få folket fri. Så tok dei han òg. I dag må eg flire av det, fortel Alf.

Kunne ikkje snakke

Fyrste dag fekk dei graut som kvinnene i huset kokte. Så kom beskjed at dei skulle få mat heimanfrå. Slik vart det resten av tida. Om natta låg alle i flatsenger på golvet, med halm som underlag. Vaktene sat i eit rom ved sida av. Det var ikkje lov å seie eit ord, heilt stilt.

Karane vart kalla ut til småforhøyr inn i mellom. Det var på loftet, på eit rom Kåre brukte til likningskontor. Alf hugsar ein gong tre-fire stykke vart kalla opp. Hine for ned igjen, han måtte vere igjen. Kven som hadde forhøyra står klårt i minnet til 86-åringen:

– Tyskaren heitte Kløtzer og bergensaren heitte Villy Arntsen. Han var tolk og Gestapo på same tid. Når tyskaren brølte, så var Arntsen verre. Han trua med at viss eg ikkje fortalde det eg visste, så skulle det og det skje. Han viste meg handjern og lurte på om eg visste kva det var. Truleg venta dei eg skulle fortelje, ettersom eg var yngst, femten og eit halvt år. Heile veka var det trugsmål om skyting dersom vi ikkje snakka, opplyste kvar våpenlageret var. På kaia låg ein svær sanddunge. Den måtte bror min og eg gå ned og spa om for å sjå om der var gøymt våpen i den, fortel Alf. Ein dag fekk alle karane beskjed om å stille opp i rekkje på tunet utfor huset.

– Viss vi ikkje sa kvar våpena låg henne, så skulle vi skytast ein og ein. Denne hendinga var den vanskelegaste under interneringa, ifølgje Alf. Alle visste at Gestapo gjorde det dei ville, omsynslaust. Ivar Torheim, bonden på garden, sa då at viss karane skulle skytast, så skulle dei skyte han fyrst. Det vart imidlertid ikkje skyting. Eit par dagar seinare kom der eit kompani på 150–200 tyskarar frå Nordfjordeid. Dei gjekk manngard, og fann eit våpendepot opp i dalen, ved Biveien. Dei visste ikkje kor mykje som var gøymt i området, og trudde kanskje dei hadde funne alt.

– Håpte på det beste

– Vi vart kommanderte med hest og slede til å drage våpena ned, ettersom det var snø. To sledelass ned i vedahuset på Gara, hos Ivar. Der vart våpena pakka ut, maskingevær og maskinpistolar. Nokre av oss arresterte måtte bere dei ned på kaia og laste om bord i gestapobåten, ei grå skøyte. Eg var med og bar våpen, seier Alf.

Etter dei hadde funne våpena, gav dei seg på meir leiting. Mannskapa gjekk om bord. Dei tok med tre mann frå Torheim, yngste son i huset, Olav, Guttorm Sørland og Johan Hundeide. Desse vart fengsla i Høyanger. Olav sat på Espeland til krigen var slutt.

– Eg hugsar ikkje kva eg tenkte. Eg var 15 år og håpte på det beste, seier Alf om dagane Gestapo huserte på Torheim.

– Dersom dei ikkje hadde funne våpen, så veit eg ikkje kor det hadde gått med bygda. Når dei fann noko, så var dei fornøgde. Dette var i februar, ikkje så lenge att av krigen. Det fekk truleg litt å seie. Hadde dette skjedd tidlegare under krigen, hadde vi kanskje vorte sende til i Tyskland.

Etter at våpena var vekkfrakta frå Torheim fekk karane gå heim, bortsett frå dei tre som hamna i fangenskap. Alf reiste frå Torheim til Odda nokre år etter krigen. Der var dei tre eldst borna fødde. Seinare slo han seg til i Brandal.

På heimegarden har han hytte som han har glede av fleire gonger i året på sine turar til Torheim. Som pensjonist har han høve til å nyte sommardagane i desse traktene, der Gjegnen reiser seg på nært hald i sør.Tanken på det som hende denne veka i februar 1945 kjem stadig i tankane.

– Det som var verst var då vi stilte opp ute på tunet og skulle skytast. Men eg trur ikkje det har prega livet mitt.