Dei siste vekene har niande klasse ved Davik oppvekst knapt vore heime. Dei er hekta på Lego League. Laurdag konkurrerte dei på Nordfjordeid.

Det er litt av eit arbeid som er lagt ned ved ungdomsskular i regionen. Nokre av elevane fortel at dei har vore over tolv timar i strekk på skulen, heilt frivillig! Forklaringa er ei stor turnering kalla First Lego League, ein konkurranse som skal auke interessa for teknologi og vitskap blant framtidas smarte hovud. Årets konkurranse er niande gongen Davik er med.

– I fjor var det nokre som sat oppe til klokka to og jobba med roboten. Den siste tida har vi vore her til klokka ni nesten kvar kveld, men det går bra fordi det er så kjekt, seier Mathilde Bakke.

Fleire ansvarsområde

På sløyden viser elevane fram eit avfallshandteringshus i miniatyr. Med straum frå solcellepanel på taket, er tanken at bygget skal kunne kjenne igjen kva for typar boss som blir kasta. Deretter blir bosset sortert automatisk frå eit transportband. Ideen har elevane utvikla sjølve.

– Vi lærer mykje om samarbeid. Vi er betre venner no enn vi var. På kveldane et vi pizza, drikk cola og jobbar saman, seier Torine Storøy Bortne.

Prosjektet er valfag ved skulen, og om lag to skuletimar er sett av per veke. Dei 16 elevane i kullet er delt inn i tre forskjellige grupper.

Markedsføringsgruppa har arbeidd med å reklamere for ideen.

I eit anna klasserom sit teknologigruppa. På bordet står det særs avanserte byggverk og eit datastyrt robotkøyretøy.

– Vi programmerer kva for oppdrag roboten skal gjere, med datamaskina. Det er dei mest avanserte oppgåvene som gir flest poeng. Vi lærer mykje av videoar på YouTube, og vi har sysken som har vore med før, seier Bjørnar Hunvik.

Kan kome til finale

Laurdag skal elevane på laget som kallar seg The Solution i elden i Nordfjordeid operahus.

Her kan alle som ynskjer møte opp for å sjå på resultatet av alle dei seine kveldane. Om dei får nok poeng her, kan dei gå vidare til skandinavisk finale i Mo i Rana den 28. november. Om dei skulle lykkast her, kan det også bli europeisk finale på dei.

– Det betyr veldig mykje å gå vidare, fordi vi har lagt så mykje arbeid i det, seier Amalie Klævold.