9. klasse ved Davik Oppvekst søkjer Bremanger kommune om sponsorstønad.

Dei vann tre prisar inkludert «Champions League» under First Lego League på Nordfjordeid nyleg. Som vinnarar er dei invitert til skandinavisk finale i Mo i Rana 29. november, der dei representerer fylket Sogn og Fjordane.

«Dette gler vi oss veldig til. For å få til denne turen treng vi mykje pengar», fastslår dei i eit brev til kommunen. Til no har dei 21.000 kroner, men manglar fortsatt 64.000 kroner. Pengane skal gå til reise, overnatting og mat.

«Davik har fleire gongar delteke i skandinavisk finale og vore å heldig å verte sponsa av lokale og regionale bedrifter. Derfor spør vi høfleg om de vil sponse oss,  skriv niandeklassingane til kommunen.