Selje-skulane har dei siste månadane fått støtte frå høgskulen til å sette fokus på lesing i alle fag.

Onsdag 18. november avslutta skulane i Selje eit fleire månader langt samarbeid med høgskulen i Sogn og Fjordane, og i den anledning var skulane i kommunen samla i auditoriet på Selje skule der varaordførar Jan Vidar Smenes (Tvp.) ynskte alle velkomne til samlinga.

Guri Holen og Jan Olav Fretland har vore høgskulen sine folk i satsinga på lesing, og dei leia dagen. Hovudinnhaldet i Selje var lærarane sine praksisforteljingar.

– Det var ein god dag med mange spennande innlegg om korleis alle lærarar uansett fag, kan vere leselærarar, skriv Tove Hanne Ommedal, utviklingsrettleiar Nordfjord i ei pressemelding. Sidan mars i år har skulane i Selje hatt ekstra fokus på lesing.

Kommunen er med i ei nasjonal satsing på å få til meir meistring og motivasjon hos elevane. Kommunen held fram med arbeidet med lesing også etter at HiSF er ferdige med sin jobb.