Katrine frå Svelgen og venninna Mariell fekk sjå soloppgangen frå Kilimanjaro og samle inn pengar til kampen mot AIDS samtidig.

Turen opp Afrika sitt høgaste fjell tok seks dagar, og den siste etappen mot toppen blei gjort i stummande mørke.

– Det var det hardaste med turen. Etter berre tre timar med søvn begynte vi å gå mot toppen klokka 00.30 i kle som var våte frå regnvêr dagen før. Tre frå crewet vårt var med oss, og etter å ha gått heile natta kom vi omsider på toppen klokka 07.32, fortel Katrine og Mariell som framleis er i Tanzania.

Belønninga var derimot god. Soloppgang over Tanzania i 5.895 meters høgde.

– Vi var veldig heldige med vêret på toppen. Men på veg ned begynte det å snø.

Variasjon prega dei nær 6.000 høgdemeterane.

– Vi begynte å gå i regnskog til vi kom over tregrensa, deretter var det ope landskap til det blei snø. Temperaturen gjekk frå 30 grader pluss til 15 grader minus, fortel dei.

Lærte om «Afrikatid»

Jentene reiste til Tanzania som ein del av praksisperioden på vernepleiarstudiet ved Høgskolen i Bergen. Dei har framleis ein månad igjen av opphaldet. Men den nye erfaringa har så absolutt svart til forventingane.

– Det har vore spennande, utfordrande, lærerikt og veldig kjekt! seier jentene som jobbar på Women against AIDS-senteret i Kiwakukki.

Kulturforskjellane mellom Tanzania og Norge har jentene fått kjenne på. Mellom anna har dei fått føle «afrikatid» på kroppen.

– Det betyr at ting skjer når det skjer, ein må ikkje stresse. Bussar går til dømes ikkje til faste tider. Dei går når dei er fulle. Det testar tolmodet! Men vi har blitt vande med å vente. Og når jentene trur bussane er fulle er dei slett ikkje det.

– Då får ein i alle fall alltid skvisa inn fem personar til. På bussen snakkar alle med alle, og om nokon synest kjolen din er for kort, nøler dei ikkje med å rette på den.

– Kleskoden er heilt annleis her. Når vi er på jobb må vi dekke både kne og skuldrer. Og det er aldri greitt å gå i shorts – sjølv om det er steikande sol og 30 grader ute. Og når det er mørkt må vi vere inne. Det er ikkje trygt å bevege seg ute.