– Vi er sjokkert og frustrerte over forslaget om å legge ned SFO ved Stårheim skule, seier Kathrine Kvalheim Osnes ved FAU.

Eid kommune må til med sparekniven, men rådmann Åslaug Krogsæter sitt forslag om nedlegging av skulefritidsordningane ved skulane på Stårheim, Haugen og Hjelle blir ikkje godt mottatt.

Rådmannen føreslår at berre Nordfjordeid skule skal ha ein SFO for heile Eid.

– Dette er umuleg å gjennomføre, seier Kvalheim Osnes, som sjølv jobbar bar i Måløy.

Ho ser det som håplaust å måtte dra frå jobb i Måløy, køyre ungane frå Stårheim etter skuleslutt til SFO på Nordfjordeid, for så å returnere til jobb i Måløy, før ho igjen må til Eid for å hente ungane nokre timar seinare.

For i rådmannen sitt forslag er det ikkje lagt opp til noko ekstra skyssordning, så foreldre sjølve må i så fall organisere køyring av borna sine til og frå SFO på Nordfjordeid.

Fire gongar dagleg

FAU ved Stårheim skule reagerer kraftig på forslaget om nedlegging. I eit brev til kommunen påpeikar dei at foreldregruppa som nyttar seg av SFO-tilbodet let seg ikkje gjere å transportere borna på strekninga Stårheim-Nordfjordeid fire gongar kvar dag.

– Ein har faktisk borna på SFO fordi ein sjølve må vere på jobb! Mange i foreldregruppa pendlar også i andre retningar enn mot Nordfjordeid, og får dette som ein unødig omveg. Dette vil ikkje fungere i praksis, påpeikar FAU.

Dei viser til at trass i knappe ressursar skulen har i dag, har dei ein velfungerande skule både fagleg og sosialt på Stårheim.

– Ein god skule og SFO går fort å rive ned, men lang tid å byggje opp att, skriv dei.

Urettferdig

– Dette er heilt håplaust og urettferdig. Vi føler vi vert trakka på, seier Margrethe Hamre, mor til ein elev ved SFO på Stårheim.

Ho jobbar både i Måløy og Stryn, og forstår ikkje korleis ein i praksis skal få til levering og henting.

– Og kor mykje skal ein stresse opp ein unge?, spør mamma Astrid Grete Torheim.

I dag er det 19 barn på SFO på Stårheim.

– Det er med andre ord ikkje eit lite brukt tilbod. Tre stor kull kjem også opp no, så det er utsikt til at det blir fleire ungar, seier Torheim.

Mødrene fryktar at nedlegging av SFO vil gi fråflytting og mindre tilflytting til bygda.