– Vi har ikkje spretta champagnen, men no trur vi tunnelen kjem, seier Asbjørg Honningsvåg og Sølvi Ervik etter at hovudutval for samferdsle ga klarsignal for tunnel i rasfarlege Kleiva.

Smal veg, overhengande, laust fjell, mykje stein som fell ned. Dei knapt 40 fastbuande i Honningsvåg, lengst ute på Stadlandet, har køyrt til og frå bygda med livet som innsats.

Etter eit fylkeskommunalt vedtak måndag ser det ut til at bygdefolket når fram med kravet om trygg veg. Utvalet støttar tilrådinga frå fylkesrådmannen om bygging av ein 600 meter lang tunnel til 70-100 millionar kroner.

– Saka må gjennom fylkestinget, men etter vedtaket no, ser eg ikkje at dei kan gå tilbake på det. Kva er alternativet? Eg trur ikkje politikarane ynskjer å ha liv på samvitet, seier tunnelforkjempar Asbjørg Honningsvåg.

– Vi kjenner glede, lette og takksemd over at dette ser ut til å gå i orden. Vi er glade for å få hjelp. Eg vonar folk unner oss dette.

Fekk stein gjennom taket

Det var etter at postbilen fekk ein stein gjennom taket i 2011 at Asbjørg byrja engasjere seg og var med og løfta saka inn i media. Ho meiner synleggjeringa vart avgjerande.

– Det var ein ganske liten stein, men eg såg kor stor skade han gjorde. Det fekk meg til å skjønne kor farleg vegen er. Eg har sjølv vore nær på fleire gongar. Mest dramatisk var det rett etter uhellet med postbilen. Hendinga førte til at ein prøvde å reinske fjellet.

– Vegen var open for kolonnekøyring den veka dei jobba med fjellsikring. Eg køyrde i kolonne då eg brått fekk eit ras over bilen. Eg såg ikkje noko, ga berre gass og kom meg til all lukke forbi. Klart ein får seg støkkar.

– Enkelt reknestykke

No håpar dei tunnelen skal vere klar i 2017.

– Vi skal klare å leve med faren to år til, seier Sølvi.

– Vi kan håpe at trygg veg gjer at fleire buset seg. For ungane våre som tek utdanning, vil det vere meir aktuelt å flytte tilbake, trur Sølvi.

Dei våga ikkje tru på positivt vedtak før avstemminga.

– Det er rekna på at det ville bli nesten like dyrt å flikke på vegen. Slik sett er det eit enkelt reknestykke. Men vi har fått høyre at det er mykje pengar å bruke på så få folk. Så ein kunne aldri vite, seier Sølvi.