– Eg er overvelda og rørt over responsen, seier Kari Knævelsrud, som har opna sportsbutikken Outlet Eid.

Butikken har sports- og fritidsklede med dei to merka Stormberg og Under Armour.

– Dette er mitt konsept, som ein ikkje har i Nordfjord frå før, seier Knævelsrud.

Ho har lenge tenkt på om ho skulle satse. Såkalla outlet-butikkar er populære der dei har «poppa opp» rundt om i landet, der konseptet er reduserte prisar.

– Her kjem vi til å køyre frå 20–70 prosent av årets varer. Det er ikkje gammalt rusk vi skal selje, men her er nye varer heile tida, smiler ho.

Ho vaks opp med Intersportbutikk, som ho overtok som 25-åring etter foreldra. Etter å ha drive sportsbutikken i 25 år møtte ho veggen.

– No har eg hatt pause i sju år, og det var fornuftig å gjere noko heilt anna, fortel ho, som mellom anna har vore guide på Kypros om sommaren.

– Men no stod lokala ledige, og eg fekk lyst å satse på eit avgrensa sortiment i forhold til ein vanleg sportsbutikk. Eg trur det er bra for Eidsgata at her kjem ny butikk. Responsen har i alle fall vore enorm.

Outlet Eid blir eit minisenter saman med frisør Peppinos og Malikka's med dameklede.