Ved utgangen av november er det 1036 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på 113 personar frå november i fjor.

– Ein del av auken skuldast at vi hadde fleire inne på ulike tiltak i november i fjor.

NAV fekk inn 8-10 varsel om permitteringar i oktober, men vi har førebels ikkje sett at dette har slått ut på arbeidsløysetala, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Les også:

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 11 prosent frå november i fjor. Auken i Sogn og Fjordane svarar til 12 prosent.

– Det er store skilnader mellom fylka. Mens fleire fylke har nedgang i arbeidsløysa, har Rogaland ein auke på heile 81 prosent. Det er utviklinga innan oljeindustrien som ligg bak desse forskjellane, seier Thorsnes.

Med 1,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet. På landsnivå er det no 79 159 heilt ledige, tilsvarande 2,9 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med november i fjor, har det blitt 117 fleire heilt ledige menn, mens det har blitt fire færre kvinner. Dette skuldast at auken har vore størst innan mannsdominerte yrke innan industri, bygg og anlegg.

Det er menn i sin beste alder som no blir utan jobb, melder NAV Sogn og Fjordane. I aldersgruppa 40-49 år har det blitt 52 fleire heilt ledige menn.